Biden trekker seg: Slik reagerer verda

4 months ago 30


Reaksjonane haglar inn etter at Biden har trekt seg.

Første senator som snudde han ryggen

Chuck Schumer, senator i New York og leiaren for fleirtal i senatet, var den første demokratiske senatoren som bad Biden trekke seg frå kampanjen.

I kveld hyllar han Biden for å sette «partiet og framtida» framfor seg.

– Joe Biden har ikkje berre vore ein god president og ein leiar, men eit fantastisk menneske, skriv han på X.

Han skriv at han veit avgjerda ikkje har vore enkel for Biden.

Chuck Schumer

Chuck Schumer var den første senatoren som bad Biden trekke seg.

Foto: Manuel Balce Ceneta / Manuel Balce Ceneta

Pete Buttigieg, som sit i regjeringa til Biden, skriv på X at president har fortent sin plass blant dei beste og mest betydninsfulle presidentane i amerikansk historie.

– Eg er så stolt for å ha fått tene under hans leiarskap, og takksam for hans fokus på det som er best for landet vårt, skriv han.

– Ein historieskapande president

Gavin Newsom, guvernør i California, skriver på X at Biden vil gå inn i historien som ein av dei mest handlekraftige og usjølviske presidentane.

– President Biden har vore ein ekstraordinær, historieskapande president. Ein leiar som har kjempa hardt for arbeidsfolk og levert forbløffande resultat for alle amerikanararm skriv Newsom.

Publisert 21.07.2024, kl. 20.27 Oppdatert 21.07.2024, kl. 20.38

Read Entire Article