Den 20. juli får dei som har søkt på studium vite om dei har komme inn. Men ikkje alle takkar ja til studieplassen – og mange har heller ikkje søkt.
Kaja Tømmerdal Rennan (18) og Solveig Erstad (19) skal ta friår før dei begynner å studere.
– Det er få eg kjenner som skal studere med ein gong. Nokre av dei eg kjenner som har gjort det, angrar på at dei ikkje hadde eit år med noko anna for å finne ut av framtida, fortel Erstad.
- Les også: Under pandemien valde fleire unge å starte rett på studium.
Null press
Rundt 60 prosent av unge vel heller å blant anna reise, jobbe, dra i militæret eller starte på folkehøgskule enn å starte direkte på høgare utdanning, ifølge statistikk frå SSB.
Dei set stor pris på at det ikkje er noko press og hastverk for å studere med ein gong.
– Det er veldig herleg å vite at eg har eit heilt år der eg kan gjere andre ting enn det eg har vore vant til dei andre 13 åra eg har gått på skule. Eg gler meg til å utforske, seier Erstad.
– Også har ein meir å gå på når ein tener eigne pengar eit år, før ein skal ut i studium. Det opnar opp for fleire moglegheiter, legg Rennan til.
Valet kom brått på
Årsakene til vala deira er ulike. Rennan har alltid vore skulelei og er glad i å gjere noko fysisk. Erstad følte at det kom brått på å vere ferdig på vidaregåande.
– Eg skal i militæret i januar, og skal ta eit halvt friår først kor eg skal jobbe, også eit halvt friår etter kor eg ønsker å reise, før eg eventuelt begynner å studere, fortel Rennan.
– Eg skal jobbe på eit omsorgssenter og tene opp litt pengar, før eg skal ta ein studietur til Roma med ei venninne, seier Erstad.
- Les også: Over halvparten av dei unge synest det er vanskeleg å velje utdanning.
Kva ville du gjort etter vidaregåande?
Full forståing
Rådgivar ved Ålesund Vidaregåande skole, Toril Tømmerdal, seier at ikkje alle har bestemt seg for kva dei vil studere når dei er ferdige på skulen.
Dei mest vanlege årsakene til eit friår er å jobbe, reise eller å dra i militæret, ifølge Tømmerdal. Ho seier vidare at dei fleste har tenkt fram til det sjølv.
– Når eg som rådgivar har samtalar med elevane om eventuelt friår, høgskule og universitet, så er det ikkje slik at vi rår dei til å ikkje ta eit friår, fortel ho, og legg til:
– Det å skaffe seg jobberfaring og reise ut i verda er verdifullt i seg sjølv. I rådgivingssamtalane snakkar vi mest om kva moglegheiter dei har ut frå kva interesser, ønsker og andre jobberfaringar dei har hatt.
Rådgivaren har full forståing for at mange ønsker å gjere andre ting enn å studere rett etter 13 år med skule.
– Eg synest det er flott om dei tenker å ha friår for å gjere noko anna, om dei ikkje er klare for å studere. Eg tenker det er tommel opp, det òg, seier Tømmerdal.
Stort val
Karriererettleiar Marit Overrein er ikkje overraska over at mange unge vel eit friår.
– Ut ifrå dei unge vi snakkar med i Karriereveiledning.no, får eg inntrykk av at ein del opplever det som vanskeleg å ta eit val. Mange seier at det kjennest stort og litt skummelt å skulle velje utdanning.
Overrein meiner at friår ikkje treng å vere negativt på CV-en om året har lært deg noko. Då får du også vist at du gjorde noko i den perioden du ikkje studerte, seier ho.
Gler seg
Erstad og Rennan ser lyst på det neste året.
– Eg gleder meg mykje. Eg trur militæret og jobben blir bra, sjølv om militæret er litt tøft, fortel Rennan.
– Eg er sjølvsagt veldig spent. Det å jobbe er noko nytt, for eg er veldig glad i å gå på skule. Men eg gler meg veldig, ikkje minst til å kunne reise til Roma, seier Erstad.
Publisert 14.07.2024, kl. 17.25