Ber om fengsel for Alliansen-leiar

4 months ago 27


Hans Jørgen Lysglimt Johansen nektar straffskuld og håpar på full frikjenning.

– Retten er «rigged», som ein viss amerikansk president sa, seier han til NRK.

Lysglimt Johansen er tiltalt for hatefulle ytringar mot muslimar, jødar og homofile, i perioden 2017 til 2021. Han er også tiltalt for Nav- og forsikringsbedrageri.

For dette ber påtalemakta om 10 månadars fengsel for Lysglimt Johansen, kor 30 dagar av straffa er vilkårsbunde fengsel.

Lysglimt Johansen seier han ikkje forstår tiltalen, og ber om full frikjenning.

– Dette er i realitet systemet sitt oppgjer med Lysglimt og Alliansen. Det er jo bakgrunnen. Denne tiltalen hadde aldri vore reist om eg ikkje var den eg er, meiner han.

Tiltalt for svindel og hatefulle ytringar

Saka mot Lysglimt Johansen er sett saman av to delar. Både Nav- og forsikringssvindel, samt hatefull ytringar.

På Nav-punktet i tiltalen heiter det at Lysglimt Johansen fekk meir enn 665.000 kroner for mykje i dagpengar frå Nav i perioden 2017 til 2019.

Ytringane Lysglimt Johansen er tiltalt for gjeld ei rekke innlegg påtalemakta meiner strir i mot straffelovas forbod mot diskriminerande eller hatefulle ytringar.

Fleire av meldingane tar inn tradisjonelle konspirasjonsteoriar som går att i høgreekstreme miljø, og er ytra på X//Twitter, videotenesta BitChute, TikTok, og Instagram.

Lysglimt aktorat

Statsadvokat Carl Graff Hartmann (til høyre) og politiadvokat Anders Lafton Briskodden i Oslo tingrett.

Foto: Einar Torkelsen / NRK

Ifølge aktoratet skal Johansen mellom anna ha omtala jødar som «barneskjendarar» ei rekke gonger og kalla jødar ei underlegen gruppe.

Han har også ytra at jødar står bak ei global samansverjing.

Dette meiner aktoratet er dehumaniserande, altså umenneskeleggjerande, ovanfor folkegruppa.

– Når det gjeld hatefulle ytringar, er det slik at for at den eine posten er det så mange brot over så lang tid, at dette bør medføre fengsel. Noko som er relativt uvanleg i norske domstolar, seier aktor Carl Graff Hartmann til NRK.

Sår tvil om kontoar

Lysglimt Johansen seier til NRK at han ikkje har sett alle tiltaledokumenta, og dermed ikkje har oversikt over dei kring 200 tweetane.

Han seier at han ikkje har kontroll på alle Twitter-kontoane på tidspunktet ytringane i tiltalen er framsett.

Men du veit jo sjølv kva du har skrive?

– Ja, altså, påstanden er jo at alle tweetane er henta frå min twitterfeed. Men me veit også at når dette stod på, var det mange like kontoar. Og me kan ikkje utelukke at nokre av desse er med i bevismaterialet.

Lysglimt Annvor/Yann

Hans Jørgen Lysglimt Johansen (til venstre) med forsvararane Jonas Berge og Bjørn Robert Antonsen.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

Statsadvokat Hartmann avviser dette.

– Han har ikkje teke avstand frå meldingane vi har vore innom i bevisførselen. Det er ikkje grunnlag for å seie at ikkje det er meldingar frå ham, seier Hartmann.

Vil ha streng straff

Statsadvokat Hartmann seier straffa dei ber om for hatefulle ytringar er «streng».

– For brotet av bestemmelsen om hatefulle ytringar, er det ikkje vanleg at ein dømmes til ubetinga fengsel, seier han til NRK.

Årsaka til dette har tre hovudgrunnar – at ytringane har gått føre seg over lenger tid, at ytringane rammar ei heil folkegruppe, og er framsett av ein person med stor påverknadskraft.

Hartmann legg særleg vekt på korleis Johansen brukar dei hatefulle ytringane for å få merksemd.

– Det er hans mediestrategi, seier statsadvokat Hartmann i retten torsdag.

Pause i retten under brannøvelse

Det vart ei pause i retten då brannalarmen gjekk i Oslo tingrett.

Foto: Annvor Seim Vestrheim / NRK

Aktoratet meiner andre blir skremde frå å bruka ytringsfridomen sin ved at Johansen uttalar seg som han gjer.

Når det gjeld straffa for Nav- og forsikringsbedrageripunktet, meiner påtalemakta at Johansen i denne perioden har hatt ein dobbeltrolle, både som arbeidsgivar og arbeidstakar, når han har fått utbetalt dagpengar.

Dei begrunner mellom anna straffa med at bedrageriet framstår som planlagt og organisert, og viser eit misbruk av tillitssamfunnet.

– Altfor strengt

På spørsmål om korleis han stiller seg til straffa aktoratet ber om, seier Lysglimt Johansen:

– Heilt hårreisande. Eg har hatt med meg Nav, Innovasjon Noreg på å starte bedrift. Eg har verkeleg prøvd å bygge ei bedrift, og så har det blitt gale likevel.

– Påstanden er altfor streng, bevares, legg han til.

Forsvarar Antonsen meiner ikkje Lysglimt Johansen har gjort seg skuldig i bedrageri, fordi pengane han har tatt ut av kontoen til selskapet kor han sjølv er arbeidsgivar, kan reknast som lønn.

Lysglimt Annvor/Yann

Hans Jørgen Lysglimt Johansen og forsvarar Jonas Berge.

Foto: Yann Valerievich Belov / NRK

Når det gjeld dei hatefulle ytringane, seier forsvarar Berge mellom anna at ein ikkje kan vurdere alle dei hatefulle ytringane samla.

– Han er tydeleg på at han meiner ytringane er innanfor ytringsfriheita, og at han difor skal frifinnast, seier Berge til NRK.

I tillegg meiner forsvararen at det er viktig at retten vurderer utsegna frå Lysglimt Johansen i lys av tida meininga blei ytra, og legg vekt på at samfunnet har blitt meir «woke».

Publisert 27.06.2024, kl. 19.14

Read Entire Article