Barnet døydde i magen: – Vi fekk ikkje hjelp i sorga

2 hours ago 3


Alt hadde vore så fint gjennom hausten. Magen voks, jordmor såg ingen ting unormalt på kontrollane. Fødselen var planlagt ved keisarsnitt på St. Olavs hospital i Trondheim, like over nyttår i 2024.

Natt til 28. desember starta riene.

– Men ein kontroll viste at det ikkje var hjarteslag. Guten vår var død.

Medan bestemor og bestefar tok med seg storebror Esten på juletrefest, køyrde mamma Marike og pappa Øystein Rønning nesten 200 km frå Tolga til Trondheim, for å føde ein liten gut. Som var død i magen.

Marike og Øystein med døde Emrik

Etter at Emrik var fødd, brukte pappa Øystein Rønning og mamma Marike Martinsen mykje tid saman med han.

Foto: Privat

Trygge på sjukehuset

Framme på St. Olavs vart familien tatt i mot av profesjonelle og omsorgsfulle pleiarar og jordmor på fødeavdelinga.

Fødselen vart sett i gang.

Situasjonen var forferdeleg, men dei kjente seg tatt vare på. Dei fekk ha guten inne hos seg på rommet. Han låg i ein liten kjølebag, som døde nyfødde får ligge i.

Men etter fire dagar måtte familien komme seg heim til garden i Vingelen i Tolga, der dei bur.

– Det var så utruleg tungt. Både for oss vaksne og for storebror Esten. Han kunne verkeleg ikkje forstå kvar det vart av veslebroren han hadde venta så lenge på.

Begravelse Emrik

Emrik fekk ei vakker gravferd frå Vingelen kyrkje 9. januar.

To tøffe månader

Marike hadde regna med at nokon kom med hjelp, men det skjedde ikkje. Ingen kriseteam rykka ut. Ho var veldig langt nede og hadde lite krefter til å ta tak sjølv.
Jordmor søkte henne inn på DPS, men da fekk dei avslag med grunngjevinga at sorg etter tap av barn er normalt.

– Så da ordføraren i slutten av februar skrytte på Facebook av kor flink kommunen var til å ta hand om innbyggarane sine, greidde eg ikkje halde att. Eg svarte han at slik opplever ikkje vi det.

Marike Martinsen og Øystein Rønning på gravplassen ved Vingelen kirke

Marike Martinsen og Øystein Rønning ved gravplassen til grava til sonen Emrik, ved Vingelen kyrkje.

Hjelp å få

Da begynte ting å skje. Kommunedirektør Siv Stuedal Sjøvold ringde Marike og forhøyrde seg. Etter det fekk dei vaksne tilbod om psykisk helsehjelp, og ein familierådgjevar var til stor støtte for Esten.

Sidan da har ekteparet også vorte med i ei digital sorggruppe i regi av Landsforeningen uventa barnedød (LUB). I akkurat denne sorggruppa har alle opplevd dødfødsel.

Kommunedirektør på Tolga, Siv Sjøvold.

Kommunedirektør Siv Stuedal Sjøvold i Tolga, fortel at kommunen har endra på rutinane etter det Marike Martinsen og Øystein Rønning opplevde.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Endra rutinar

Kommunedirektør Siv Stuedal Sjøvold fortel at Mariken og Øystein si oppleving faktisk har ført til ei endring i Tolga.

På etterjulsvinteren har vi evaluert internt og endra nokre av våre rutinar, blant anna kva saker kriseteam skal inn i. Det er viktig at kommunen kjem tidleg inn med tilbod. Så er det frivillig for dei som er i krise å ta i mot hjelp, seier Sjøvold.

Ho innrømmer at dei i periodar har hatt utfordring med bemanning på enkelte funksjonar.

Vi har flytta på ressursar slik at folk skal få nødvendig hjelp.

Vil ha lovfesta hjelp etter dødfødsel

Trine Giving Kalstad. Fagsjef i Landsforeningen uventet barnedød.

Fagsjef Trine Giving Kalstad i Landsforeningen for uventa barnedød vil ha nasjonale retningsliner for korleis dei som mister barn blir møtt. Også for dei som føder eit dødfødd barn eller mister det ved fødsel.

Fagsjef Trine Giving Kalstad i Landsforeningen uventa barnedød (LUB), seier at Marike si oppleving ikkje er unik.

Ho fortel at kommunale kriseteam nesten aldri blir involvert ved dødfødsel. Men at det offentlege lener seg i stor grad på det frivillige. Difor jobbar LUB for å få retningsliner for korleis kommunane skal ta vare på familiar som er råka av sorg, også ved dødfødsel.

Og veldig mange av dei som mister eit barn tar kontakt med LUB for støtte og hjelp.
For tida har dei 10 digitale samtalegrupper og fleire grupper der medlemmane møtast fysisk. Tanken er at dei som har opplevd det same kan hjelpe kvarandre.

– Å miste eit barn er ubeskriveleg vondt. Å miste eit barn som ingen andre har blitt kjent med er veldig einsamt. Derfor er det avgjerande at dei sørgande får rask og oppsøkande hjelp.

Familien i Vingelen liker aller best å bruke fritida si ute. 4 år gamle Esten elsker å huske saman med pappa og mamma.

Geir Olav Slåen

Lysglimt i mørkeret

Marike og Øystein er framleis med i sorggruppa, og Marike skriv om guten på Facebook, det er ein terapi i det og. For framleis er sorga der. Og Emrik skal ikkje gløymast.

Pappa Øystein set ord på det:


– Eg seier alltid at eg har to søner. Sjølv om berre ein av dei er her på jorda.

Men det blir også fleire og fleire gode stunder. Og om nokre månader skal eit nytt liv komme til verda.

– For vi vil jo ha fleire barn, seier Marike.

Tips meg gjerne

Hei! Er det sider ved denne saka, eller lignande saker, du synes vi bør belyse i framtida? Tips meg gjerne! 

Publisert 22.09.2024, kl. 19.41

Read Entire Article