Fleire gongar dei siste vekene har Nord-Korea sendt ballongar fullt av bæsj og søppel til naboane i sør.
Hundrevis av store, kvite heliumballongar har blitt sendt over grensa, og innhaldet har blitt spreidd over heile nabolandet.
Sør-Korea har svart med å spela musikk og anna sørkoreansk innhald over svære høgtalarar like ved grensa.
I tillegg har frivillige organisasjonar sendt eigne ballongar, med mat, internasjonale nyheiter og minnepinnar med K-pop og K-drama.
No har Kim Jong-uns søster, Kim Yo-jong, fått nok. Ho åtvarar nabolandet mot å sette i gang fleire motaksjonar.
– Dette er eit forspill til ein veldig farleg situasjon, sa Yo-jong i ein offentleg utsegn søndag kveld.
Teikn til nordkoreanske høgtalar
– Om ROK fortset å senda brosjyrar samtidig som dei kringkastar provokasjonar på høgtalarar over grensa, vil dei utvilsamt vera vitne til nye motreaksjonar frå DPRK, sa ho i utsegna søndag, ifølge Reuters.
I tillegg til å vera søstera til diktator Kim Jong-un, er Yo-jong ein av dei mest innflytelsesrike politiske personane i landet.
Militæret i Sør-Korea har sagt at dei vil fortsette med musikkspelinga så lenge naboane fortset å senda ballongar over grensa.
Dei har også sagt at dei har sett teikn på at Nord-Korea set opp eigne høgtalarar ved grensa.
Ballongpropaganda i årevis
At dei to naboane sender ballongar over grensene er langt frå nytt, sjølv om teknikken har vore lite brukt dei siste åra.
Allereie ved Koreakrigen på 50-talet sende ein ballongar mellom sør og nord, som oftast med propaganda og informasjon om krigen.
På 50-talet var det i hovudsak militære og styresmaktene som sende ballongane av garde.
I seinare år har ulike organisasjonar brukt teknikken for å spreie informasjon til nabolandet.
I 2020 gjorde Sør-Korea det ulovleg å senda brosjyrar med propaganda over grensa, både i ballongar og flaskepost.
Publisert 10.06.2024, kl. 20.56