Bærum-søstrene skal forklare seg for retten

1 month ago 8


«Alle» har høyrt historia om dei to søstrene frå Bærum som reiste til Syria. Der gifta dei seg med kvar sin framandkrigar og fekk born.

Tiltalt for å ha deltatt i terrororganisasjonen IS, skal den eldste søstera forklare seg i retten onsdag.

Ho har på seg brun hijab og skjelv i stemma når ho forklarar seg:

– Eg har ikkje hatt moglegheit til å forklare meg utan at eg fryktar for mitt liv, seier den eldste søstera til retten.

Tårene sitt laust, fortel ho.

– Når de ser kva eg har gått gjennom, vil de sjå kvifor eg ikkje seier med skuldig i desse tiltalane.

– Dette er ei sak om har vore offentleg i eit tiår. Ein har på mange måtar konkludert i det offentleg rom utan at dei har hatt moglegheit til å forklare seg, sa forsvarar Geir Lippestad tysdag.

Den eldste søstera fortel at den store merksemda frå pressa rundt dei i tida etter dei reiste og under tida i Syria sette dei i ein farleg situasjon.

– Forstår de ikkje kva konsekvensar dette fekk for oss i IS sitt territoriet, spør søstera.

Tiltalt for rekruttering, deltaking og våpentrening

Påtalemakta meiner søstrene har utført fleire handlingar som er straffbar deltaking i IS:

  • Dei har begge gifta seg med ein framandkrigar
  • Den yngste søstera skal ha førebudd seg til å starta ein militær treningsleir for IS-kvinner.
  • Ho skal ha sverja truskap til IS og deltatt på shariakurs.
  • Begge søstrene skal ha forsøkt å fått andre norske kvinner til å knytte seg til IS.
  • Den eldste søstera skal ha deltatt på shariakurs, koranskule, og språkopplæring i IS, samt undervist i engelsk.
  • Den eldste skal ha «handtert hendingar og reaksjonar» mot kvinner som blei sett på som fiendar av IS, eller som ikkje støtta IS sin ideologi.
  • Søstrene nektar straffskuld.

Publisert 16.10.2024, kl. 10.03 Oppdatert 16.10.2024, kl. 10.07

Read Entire Article