Dei to kvinnene som er sikta for å ha sett fyr på Filadelfiakirken i Tonstad i helga er nå lauslatne. Det opplyser jourhavende jurist i Sør-Vest politidistrikt Per Terje Bruntland til NRK. Dette skjer etter at begge har vore inne til avhøyr måndag.
Lars Bjarne Salte er forsvararen til den eine kvinna, han på nåverande tidspunkt ikkje vil kommentera saka. Den andre kvinna har takka nei til å få oppnemnt ein forsvarar, opplyser politiet.