Auksjon av eplemost og alpakkavandring for å redde klubben

2 hours ago 5


Lista på ting ein kan by på for å støtte LSK Kvinner i ein vanskeleg økonomisk situasjon er på over 40 objekt.

Nokre er meir kreative enn andre:

  • «Gåvekort frå Alpakkavandring – 3 deltakarar og 3 alpakkaer på tur i skog og mark!»
  • «Lillemost: 10 flaskar deilig kortreist eplemost, frå frodige hagar i Lillestrøm»
  • «Gåvekort frå Peppes Pizza Lillestrøm»
  • «2 kartongar valfri chips»
  • «Signert landslagstrøye Noregs herrelandslag»
  • «England-drakt frå 2018, signert av Paul Robinson»

Styreleiar i LSK Kvinner Lotte Lundby Kristiansen er tydeleg på at situasjonen deira framleis er veldig utfordrande.

– Situasjonen er framleis alvorleg. Vi har ein del prosessar som vi håpar skaffar dei inntektene som skal til for at vi skal klare å spele ferdig sesongen og ha eit lag til neste år, seier Kristiansen til NRK.

Thea Kyvåg og LSK Kvinner har opprettet en auksjon for å redde klubben.

KREATIVE: LSK Kvinner har fått inn mange auksjonsobjekt frå næringslivet rundt klubben.

Grafikk: Terje Pedersen / Skjermdump LSKs auksjon / NTB

Fekk inn 200.000

Ordet krise har vorte brukt mykje om LSK Kvinner denne sesongen. Ikkje fordi dei ligg på fjerdeplass i Toppserien, men altså fordi dei står på randa av konkurs.

Denne hausten har det vore stor usikkerheit på om dei i det heile tatt har hatt økonomi til å spele neste kamp.

Seinast i slutten av september vart dei trekt tre nye poeng for brot på tidlegare inngåtte handlingsplanar.

I september var det berre så vidt LSK Kvinner greidde å betale ut lønn til spelarane, og dei har mista fleire nøkkelspelarar.

Foreløpig har dei så vidt berga seg.

– Vi trur og håpar at vi skal greie å fullføre sesongen, seier styreleiar Lotte Lundby Kristiansen.

Høstauksjon 2024 - LSK Kvinner

HAUSTAUKSJON: På LSK Kvinner si heimeside finn ein deira forsøk på å halde klubbdrifta flytande.

Foto: Skjerdump frå lsk-kvinner.no

– Når ein må ty til auksjon så er vel det eit tydeleg bilete på kor prekær situasjonen er?

– Ja, det er det. Men det er ikkje auksjonen åleine som skal redde klubben. Det må bli ein kombinasjon av avtaler med sponsorar og samarbeidspartnarar, og så denne auksjonen da.

Auksjonsobjekta har klubben fått frå det lokale næringslivet på Romerike.

Kristiansen fortel at dei også hadde ein liknande auksjon før sommaren. Da fekk dei inn i underkant av 200.000 kroner. Akkurat som da går pengane frå haustauksjon rett inn til drift av klubben. Der er det spelarlønningane som er den største utgifta.

Kva synest du om LSK Kvinner sitt forsøk på redde klubbdrifta?

Stel energi

Kaptein for LSK Kvinner Emilie Aanes Woldvik har også fått med seg auksjonen. Ho tykkjer det er kjipt av ein ikkje klarar å få det til å gå rundt utan at ein må gjere noko ekstra.

– Samtidig er det kjempebra at ein klarar å vere kreativ og finne ulike løysingar for at det skal gå til slutt, seier Woldvik til NRK og held fram:

 LSK Kvinner - Brann (4-2)

KAPTEIN: Emilie Aanes Woldvik er kaptein for LSK Kvinner.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Eg tenkjer at akkurat nå så er all merksemd god merksemd.

Laurdag møter LSK Kvinner tabellnabo Rosenborg i Trondheim. To poeng skil laga som kjempar om tredjeplassen i Toppserien før laurdagens oppgjer.

– Vi går inn i kampen og gler oss masse til å ha noko å spele for. Det er toppkampar som dette du verkeleg gler deg til og har lyst til å vere ein del av, seier Woldvik.

Ho fortel om ei spelargruppe som så godt dei kan prøver å fokusere på idretten sjølv om den mørke økonomiske skya heng over klubben, og kreative grep blir tekne i bruk for å redde drifta.

– Det er klart at det tek litt energi. Samtidig så må ein som toppidrettsutøvar vere god til å stenge ting ute og berre fokusere på det ein kan gjere noko med.

Hei!

Hei! Har du tips til noko du tykkjer eg burde skrive om? Send meg gjerne eit tips. 

Her går det nesten fryktelig galt for landslagsløperen 00:43

Publisert 11.10.2024, kl. 20.05

Read Entire Article