Åtvarar kommune på slagord-jakt

6 days ago 7


– Kanskje manglar det pitte litt glimt, er det lov å seie?

Programleiar Linda Eide er ikkje heilt i hundre over forslaga i Stryn.

Bør dei gå for «Stryn – her vil eg bu»? Eller kva med «Stryn – bygd for framtida»?

Det er opp til innbyggarane å bestemme.

Kommunen blir langt frå den einaste som lovar gull og grøne skogar med slagorda sine.

Til dømes meiner Gjøvik at dei er ein «ledende i bærekraftig vekst og utvikling».

Frøya slår seg på brystet med «kraft og mangfold», mens Vindafjord hevdar seg «vital og sentral».

Linda Eide og Gunnstein Akselberg i Eides språksjov

Linda Eide kjem med sitt eige forslag: «Stryn – langt frå by'n – heldigvis».

Foto: Tore Zakariassen / NRK

Tvilar på effekt

Mange slagord begynner å dra på åra. Det var på 2000-talet at det gjekk ein slagord-bølge gjennom landet vårt.

Også Stryn skaffa seg slagord då. Det lyder slik: «Stryn – Vi vil utvikling».

Per Kjøllesdal ordfører Stryn

Ordførar Per Kjøllesdal seier engasjementet er stort.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Vil de ikkje utvikle kommunen noko meir?

– Nei. No er det slutt, fleipar Per Kjøllesdal.

Han er sauebonde og Senterparti-ordførar. Og han erkjenner at eit nytt slagord ikkje kjem til å endre på all verda.

Klisjé-sjuke?

– Visjonen i seg sjølv fører vel ikkje til nokon palassrevolusjon, seier ordføraren.

Men det seier noko om tenkinga i kommunens arbeid, meiner Kjøllesdal.

Han seier også at stort engasjement er eit bevis på at det er fruktbart å lage eit nytt slagord.

Men utan risiko er det ikkje. Sjeldan er fleire klisjear samla på ein plass enn på Wikipedia-oversikta over norske kommuneslagord.

Kva synest du om kommunale slagord?

Alle er nok ikkje einige om at desse kommunane trefte blink:

  • Grong – Et aktivt og robust regionsenter med livskvalitet og mangfold
  • Vardø – Cedant Tenebræ Soli (latin for «mørket må vike for sola»)
  • Sandefjord – Tenk stort, tenk Sandefjord
  • Saltdal – Imøtekommende, løsningsfokusert og ansvarlig

Åtvarar kommunar

Men nokre gongar blir kommuneslagord til folkemunne. At Sveio er «midt i leio», er til dømes noko mange vestlendingar veit.

Sande kommune, som er «utanfor allfarveg – heldigvis», fekk flest stemmer i Nitimens konkurranse i 2015 over Noregs mest originale kommuneslagord.

Marit Mellingen, distriktssenteret

Slagord tatt ut av lause lufta blir ikkje alltid suksess, ifølge Marit Mellingen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Men har slike slagord noko for seg? Marit Mellingen, direktør for Distriktssenteret, åtvarar kommunar mot overflatisk reklamepjatt.

– Viss ikkje slagordet fell saman med retninga ein viser fram i det daglege arbeidet i kommunen, kan ein risikere at det blir noko som verkar mot sin hensikt, seier Mellingen.

Jævla bra kommune

Det må altså vere folkeleg oppslutning om slagordet. Men her er det ei anna grøft å falle i. Som da Ullensvang skulle ha nytt slagord, og «jævla bra kommune» fekk 59 prosent av stemmene blant folk.

Slagordet enda opp med å bli «Noregs frukthage».

Stryn har valt ei mellomløysing. Kommunen har nemleg plukka ut fem forslag som innbyggjarane skal stemme på.

Loen Skylift, cruisekip ved Loen og Olden i bakgrunnen, fjell og fjorder

Folk i Stryn kan stemme på sitt favoritt-slagord.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Linda Eide skulle uansett ønske at forslaga var litt sprekare. Og ho lanserer sin eigen kandidat.

– Rim og fyndord har noko å seie for at folk hugsar plassar. Så «Stryn – langt frå by'n – heldigvis», det ville jo vore litt morosamt?

Publisert 30.09.2024, kl. 12.16

Read Entire Article