– Vi fann to spelbrikker, begge har sirkeldekor, men den eine er litt annleis enn dei vi pleier å finne.
Det seier Hanne Ekstrøm Jordahl som er arkeolog med spesialkompetanse i osteoarkeologi, og er leiar for NIKUs kontor i Tønsberg. Ho viser oss brikkene, og peikar.
– Den eine hadde hol i midten, og vi veit ikkje heilt kvifor. Dette er ikkje eit funn vi gjer kvar dag, smiler ho.
Det var Tønsbergs Blad som omtalte saka først.
Arkeologar utfører utgravingar medan Tønsberg kommune utbetrar overvassleidninga. Arkeologane ser også til at andre ikkje grev i kulturlag.
Dette er ikkje første gong arkeologar oppdagar sjeldne funn i byen. I sommar fann arkeologane ein sjeldan mynt som kan stamme frå 1200-talet.
Unikt funn
Fredag fann arkeologane også ei spelbrikke med runer. Jordahl seier det er relativt sjeldan.
– Runer er veldig spesielt. Det dukkar kanskje opp eit runefunn kvart 10. år, så dette er sjeldan, seier ho.
Ho seier brikka skal sendast inn til analyse for blant anna å tyde runene.
– Det ser ut som om dette er bokstavruner, med ein bokstav på kvar side. Vi kan skimte ein R for Ruth og ein U for Unni. Dette er unikt, seier arkeologen stolt.
Brikkene kan i si tid har blitt brukte i spelet Dam.
– Denne veka skal Kulturhistorisk museum analysere brikkene, seier Jordahl.
Vanskeleg å beskrive
Det var feltarkeolog Thomas Kjær som fann spelbrikkene. Han står nede i grøfta dei har grave i, og viser kor brikkene blei funne.
– Det var eg som fann dei. Det er vanskeleg å beskrive kjensla. Enorm glede er vel det næraste eg kjem, gliser han.
Han peikar ned i jorda. Der fann han to stokkar og inne i stokkane var det eit lag med hoggflis. Inne i hoggflisa skjulte dei sjeldne spelbrikkene seg.
– Dei kunne vore vanskelege å sjå, men forma gjorde at eg såg dei. Eg så tidleg at det var innrissingar på den eine. Eg var skikkeleg spent då eg tok den opp, seier han.
Aldri funnet tidlegare
Linda Åsheim er feltleiar for utgravingane i Tønsberg. Også ho bekreftar at funnet i helga er sjeldan.
– Det er ikkje funne spelbrikker med hol i tidlegare i Tønsberg.
Ho seier holet i brikka kan indikere at det er noko som har stått oppi henne.
– Den kan ha vore ein vase til ei spelbrikke, eller at ho kan ha blitt brukt til eit spinnehjul.
Utgravingane i Tønsberg fortset utover hausten, og kven veit kva som kan dukke opp då av sjeldne funn.
Hei
Takk for at du les. Har du tips eller innspel til denne saka eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 14.10.2024, kl. 19.20