I over to veker har 33 lakseelver sør for Nordland vore stengt for fiske.
Stenginga blei gjort av Miljødirektoratet etter at det var uvanleg lite laks i elvene.
Rapport før helga
På slutten av førre veke kom Norsk institutt for naturforsking (NINA) med ein ny rapport om tilstanden av laks i elvene.
– Situasjonen er alvorleg og viser at tiltaka om å stenge fisket i sjø og elv var naudsynt. Mange plassar vil det framover vere naudsynt med strenge tiltak.
Det sa seniorforskar Torbjørn Forseth til NRK fredag.
Rapporten frå NINA var basert på nye tellinger og data frå både dei stengde elvene og elver som framleis er opne for fiske.
Rapporten slo fast at lite mellomstor og storlaks svømmer opp elvene sør for Nordland.
Nord for Trøndelag er tilstanden meir varierande.
– Det ser betre ut i Troms og Vest-Finnmark enn andre deler av landet, medan i Varangerfjorden er det så langt teikn som tyder på vesentleg mindre laks enn tidlegare, heiter det i rapporten.
Villaksen «nær trua»
Laksefisket i fjor var det dårlegaste nokosinne og fangsten av villaks sokk kraftig frå året før.
I 2022 blei det fanget 97.678 villaks av sportsfiskerne i norske lakseelver. Talet for 2023 var 70.593.
Villaksen er rødlista i Artsdatabanken og vurderast som «nær trua».
– No er det risiko for alvorleg skade på laksebestandane, og vi meiner derfor at vi må gjere tiltak, sa direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro då det blei klart at elvene blei stengt for fiske.
Ønsker strengare regulering
Stengde elver har skapt frustrasjon blant både laksefiskarar og elveeigarar som livnærer seg på lakseturisme.
Elveeigarar har mellom anna peikt på oppdrettsnæringa som ein årsak til at laksen uteblir i år. Dei meiner lakselus og rømt laks er ein trussel for villaksen.
Fleire har tatt til orde for at næringa må bli regulert strengare.
Publisert 09.07.2024, kl. 15.42 Oppdatert 09.07.2024, kl. 15.43