Amerikanske medium ber Biden trekka seg

4 months ago 28


28. juni 2024 kl. 07:39

Fleire amerikanske aviser ber USAs president Joe Biden trekka seg frå presidentvalet, etter ein «katastrofal» opptreden under debatten i natt.

– Eg skulle ønska Biden reflekterte over denne debattprestasjonen og vidare kunngjørte si avgjerd om å trekka seg frå løpet, skriv New York Times-spaltist Nicholas Kristof på X.

Kommentatoren meiner Biden bør la nokon andre stilla som presidentkandidat for demokratane.

Også Financial Times-direktør Edward Luce tok til X for å dele sine tankar.

– Dette er ein katastrofe, skreiv han.

Det politiske nyheitsmediumet Politico skriv også at Biden burde ta sin hatt og gå.

Read Entire Article