To amerikanske bombefly fauk sørover frå Noreg og inn over Lappland i Finland søndag. Tre tankfly følgde dei, skriv Yle.
Ifølge det finske forsvarsdepartementet var det snakk om ei treningstokt koordinert med allierte land.
Finlands forsvarsminister Antti Häkkänen har omtalt hendinga på X.
Han kallar det «normal aktivitet som blir utført på territoriet til eit Nato-land». Og at det handlar om avskrekking og forsvar.
To russiske kampfly tok til vengene, då dei to B-52-flya var i ferd med å krysse grensa til russisk luftrom over Barentshavet, ifølgje det russiske forsvarsdepartementet.
Ifølge Russland endra bombeflya kurs, då dei fekk auge på flya som nærma seg, skriv NTB.
Dei amerikanske flya krenkte ikkje russisk luftrom, skriv Yle.
Finland nytt Nato-medlem
Dette er langt frå normalt, skriv Barents Observer.
Amerikanske B-52-fly har aldri floge over Finland før, utdjupar forsvarsanalytikar ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Per Erik Solli til NRK.
Men dei har øvd over Island, Danmark, Noreg og Sverige i fleire år, fortel Solli.
Nå som Finland har blitt medlem av Nato, var det venta at amerikanske B-52 også skulle øve der.
– Dei har øvd i mange år her i nord. Det har blitt rutine, seier Solli.
Raudt: – Bidrar til auka spenning med Russland
Utanriks- og forsvarspolitisk talsperson i Raudt, Bjørnar Moxnes meiner tokta bidrar til høgare spenning med Russland.
– Å fly strategiske bombefly med kjernefysisk kapasitet over Noreg og Finland er med på å gjere våre område, Norden, til eit område med høgare spenning, seier han.
Raudt meiner også flygingar som denne bidrar til å gjere Nord-Noreg til eit oppmarsjområde mellom stormaktene.
– Som jo er i strid med det som har vore norsk interesse i mange tiår, nemleg å ha låg spenning i det høge nord, seier Moxnes.
Han viser til baseerklæringa frå 1949 og andre tidlegare sjølvpålagde norske avgrensingar på øvingar og alliert nærvær aust for Porsangerfjorden.
– Nå går vi vekk frå demping og «køyrer på» med avskrekking og ein auka spenningsspiral mellom USA og Russland, rett utanfor vår eiga stuedør. Det vil berre svekke sikkerheita vår. På kort og lang sikt, meiner Moxnes.
Forsvaret: – Ikkje direkte involvert
– Forsvaret var ikkje direkte involvert i denne flyginga, utover at dei flaug i norsk luftrom, seier Henrik Omtvedt Jenssen, talsperson for Forsvarets operative hovudkvarter.
Ingen norske fly eller flyplassar vart ramma av flyginga, skriv han i ein e-post til NRK.
Forsvaret understrekar at den amerikanske aktiviteten ikkje har auka noko den siste tida.
Etter invasjonen av Krimhalvøya i 2014 og fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022 har aktiviteten i nordområda auka.
– Noreg gjennomfører fortløpande samtrening med amerikanske styrkar gjennom såkalla «Bomber Task Force». Samtreninga gir oss høve til å vidareutvikle og styrke ei felles tilnærming til avskrekking og sikkerheit for regionen.
Forsvarsdepartementet viser til Forsvaret sitt svar over.
Forsvarsanalytikar: Rutine
Forsvarsanalytikaren fortel at det er lettare for Noreg, enn Finland, å ha ei geografisk buffersone mot Russland.
– For vi grenser berre til Russland i Finnmark. Finland har grense til Russland heilt frå Finskebukta til riksgrensa. Mellom grensa til Russland og Østersjøen er det berre nokre få hundre kilometer, seier Per Erik Solli.
– Er dette normal Nato-aktivitet?
– Ja. Sidan 2018 har det vore rutine for amerikanske bombefly å øve saman med lokale europeiske flyvåpen. Det har skjedd både i Sør-, Sentral- og Nord-Europa. I alle land, unntatt Finland, fram til denne flyginga, svarar Solli.
– Er denne flyginga eit steg mot auka amerikansk nærvær på norsk territorium?
– Nei. På ingen måte.
Fløy nært kola-halvøya
Dei amerikanske flya snudde nært Saariselkä. Omtrent så nært den russiske Kolahalvøya, som det er mogleg å komme frå sørvest, skriv Barents observer.
Internasjonalt luftrom startar tolv nautiske mil frå russisk territorium. Så det er lov å fly nærare Kolahalvøya. Men det er det ingen Nato-fly som gjer, forklarer Solli.
– Overvakinga og øvingane i områda gjer ein med større marginar, seier han.
I norsk luftrom flyg ikkje norske og allierte kampfly nærare den russiske grensa enn 28 grader aust. Det vil seie over Mehamn på Finnmarkskysten.
– Det gjer heller ikkje amerikanske overvakingsfly. Vi tar omsyn til at russarane har det største militærkomplekset utanfor Vesten i nærområda våre. Russland har også viktige testområde for nye våpen i Barentshavet, seier Solli.
Til vanleg opererer dei amerikanske bombeflya frå basar i Storbritannia når dei øver i Norden, fortel han.
Publisert 22.07.2024, kl. 13.09