– Det er ikkje så mange som kjenner meg igjen frå videoen, sida eg har forandra meg litt sidan den gong, seier Amalie Worren og ler.
Men når Springsteen vert nemnd fortel ho om opplevinga.
I 2012 var ho på sin første konsert med sitt store idol. Bruce Springsteen låg utsliten på scenegolvet på Koengen i Bergen etter å ha gitt alt. Frå scena hadde gitaristen Little Steven fått auge på ein entusiastisk og søt sjuåring.
Gitaristen henta Amalie opp på scena, gav ho ein våt svamp og bad ho gi Springsteen ein dusj.
Oppdraget tok Amalie på strak arm.
Ho dynka helten i vatn medan ho lo.
Ikkje som andre fans
«Den konserten kjem eg aldri til å gløyme», sa den då sju år gamle Amalie Worren til NRK etter konserten.
– Vi fekk litt igjen for å ha stått i kø i fleire dagar, seier pappa Frode Heggertveit, som også synast det var stort då dottera vart tatt opp på scena.
På søndag er det igjen duka for Springsteen-konsert i Bergen. Amalie og familien står allereie i kø for å sikra seg best moglege plassar på konserten.
Og dei er ikkje dei einaste. Springsteen-fansen er nemleg ikkje som andre fans.
Unik køkultur
– Eg har aldri høyrt om andre fans til andre artistar som gjer som oss, seier Malin Romarheim.
Ho var den første som stilte seg opp utanfor Nøsteboden i Bergen på søndag, ei veke før konserten, og vart først i køen.
Malin skildrar køkulturen som veldig sosial og seier at ho har fått nye vener i Springsteen-miljøet.
– Vi vert som ein liten familie her, seier ho.
Billettane rivne vekk
Rundt i heile Europa fungerer det uformelle køsystemet på same måte. Dei mest ivrige Springsteen-fansen samlar seg i fleire dagar før konserten – alt for å kome så nært scena som mogleg.
Mange reiser gjerne på fleire konsertar i løpet av året. Ei av desse er Monique Jansen. Ho har reist heilt frå Nederland for å gå på konsert i Bergen.
– Om alt går etter planen, så kjem eg til å nå konsert nr. 100 i år, seier ho når NRK møter ho i køen.
Søndagens konsert i Bergen er Springsteens einaste konsert i Noreg i år.
Då billettsalet opna 6. november i fjor, blei dei 45.000 billettane rivne vekk umiddelbart. Fleire tusen sto i kø i billettsystemet, men fekk ikkje tak i dei ettertrakta billettane.
Ramma inn plekter
Tilbake i køen fortel Amalie meir om konserten på Koengen for tolv år sidan.
Det var nemleg ikkje berre ho som hadde ei spesiell oppleving. Broren hennar fekk også eit plekter frå Springsteen.
– Det heng innramma heime, seier Amalie.
– Eg har det ved sida av biletet av då ho var på scena, legg pappa Frode til.
Faren har høyrt på Bruce Springsteen nesten heile livet.
Når han blir spurt om han er blodfan, så dreg han litt på det.
– Ja! bryt Amalie sjølvsikkert inn.
Det har utvilsamt smitta over på dottera, som no gjør seg klar til sin femte konsert.
Ho håpar ho får sjå endå fleire.
– Det er ei fantastisk stemning på konsertane, avsluttar Amalie.
Publisert 18.07.2024, kl. 10.15 Oppdatert 18.07.2024, kl. 10.16