Blant eit stadig veksande hyttestrøk på Skei i Gausdal kommune, held Ola Venås og dei 140 sauene hans til.
– Eg merkar at dyra er meir urolege, særleg nå da vi gjekk inn i fellesferien.
Ting har altså endra seg sidan pangstarten av hytte-epoken etter OL i Lillehammer i 1994.
Etter kvart begynte folk også å få auga opp for heilårs-hytta, til fordel for å berre opphalde seg der på vinteren.
Det er framleis sauer og kyr som regjerer på Skei.
Men den aukande turismen og friluftslivet har begynt å tære på, fortel Venås.
- Kva er eigentleg allemannsretten? Her er ni ting du bør vite om han.
– Naturleg plass i Grunnlova
Forslaget om å feste retten i grunnlova kom frå venstresida, men blei stemt ned 21. mai av partia på høgresida.
– Når vi spør norsk befolkning kva som er viktig i deira liv, så kjem retten til å ferdast fritt i naturen aller høgast.
Det seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv. Éin av fleire organisasjonar som har engasjert seg.
Lier meiner at retten høyrer heime i Grunnlova fordi ho består av viktige verdiar og rettar.
I ei upublisert undersøking gjort av IPSOS på vegner av organisasjonen, var det allemannsretten som trona på toppen av rettene som var viktigast for folk.
Rett nok låg han berre to og fem prosentpoeng over høvesvis stemmeretten og ytringsretten.
– Dermed meiner vi at det har ein naturleg plass i Grunnlova.
Men ikkje alle er einige i at sentrale verdiar og rettar nødvendigvis bør grunnlovsfestast.
Same kor einige ein er.
Står allereie sterkt
Styremedlem i Bondelaget, Konrad Kongshaug, er einig med Venås.
Dei fryktar at retten til å ferdast og opphalde seg i utmarka skal utvidast, til ulempe for næringsverksemda til bøndene.
Ulempene meiner Venås at han allereie har opplevd.
Blant anna skal han sjølv ha hatt problem med laushundar som jagar beitedyr.
– Det resulterer i halte dyr, som får små sår under klauvene sine.
Venås er glad for at forslaget blei stemt ned.
– Allemannsretten står allereie så sterkt i Noreg at eg kjenner ikkje at det er behov for det, seier han og legg til:
– I staden bør kanskje kommunen få lov til å innskrenke høvet til å bevege seg ved turistdestinasjonar.
- Allemannsretten har vore under press fleire stader. Les om masseturisme i Lofoten.
– Skal ikkje utvidast ytterlegare
Kongshaug, på si side, slår fast at det ikkje er snakk om å innskrenke allemannsretten.
Berre at han ikkje skal utvidast slik at han kjem i konflikt med jordbruks- og beitenæringa.
– Allemannsretten skal stå sterkt. Det vi ønsker er at retten til å utøve næringa si ikkje skal innskrenkast.
Han legg til at retten i dag allereie inneheld føresegner som skal hindre at folk sin ferdsel går negativt ut over beitenæring og andre private verksemder.
Altså er det også eit problem at lova ikkje alltid blir følgd.
Øystein Aas, professor i økologi og naturforvaltning ved NMBU, forklarer at ein i spørsmål om turisme og beitenæring, kan hamne i krysselden mellom to ulike fellesretter; beiteretten opp mot ferdselsretten.
– Det er tydeleg at allemannsretten blei utforma i ei anna tid.
I studiane hans på korleis ville dyr reagerer på aukande turisme har han likevel erfart at ferdsel i natur kan ha negative konsekvensar for viltmangfaldet.
Derfor meiner han det er viktig å understreke at allemannsretten inneber plikter, på linje med rettar.
- Vil gjere kraftige grep for å bevare villreinen. Les om at blant anna turstiar kan bli stengde til fordel for dyra.
Publisert 23.07.2024, kl. 22.37