Aktor Benedicte Hordnes bad om over 16 år og seks månader fengsel for fleirtalet av dei fem tiltalte albanarane.
– Her er det proft og velorganisert, sa Hordnes.
Ho bad om at mannen som er 30 år fekk rabatt, og at han dermed skulle få ein dom på 13 år og to månader. Dette fordi han hadde tilstått.
– Prisen for å erkjenne i dette miljøet er noko heilt anna enn det vil seie i Noreg. Å erkjenne for sin eigen del kan få konsekvensar, sa aktor.
Skipet «Nordloire» kom frå Brasil til Husnes den 12. april 2023, og hadde blitt brukt til såkalla parasittsmugling. Over 150 kilo kokain var festa i kjølevassinntaka på skipet, og dette blei det største kokainbeslaget gjort på Vestlandet nokosinne.
Dei fem albanarane stod tiltalte, som ei organisert kriminell gruppe, for å ha oppbevart og innført narkotika frå Brasil til Husnes i Noreg. Fleire av dei tiltalte nekta straffskuld. Ein sjette person som hadde blitt arrestert, døydde i fengsel.
No er dommen klar:
- Mann (46): 15 år.
- Kvinne (33): 4 år og 9 månader.
- Mann (30): 10 år og 4 månader.
- Mann (27): 13 år og 6 månader.
- Mann (26): 13 år og 6 månader.
Vil anke
Forsvarar Øystein Ola Storrvik har snakka med sin klient, som er mannen på 26 år.
Dei kjem til å anke.
– Fordi det ikkje blei lagt til grunn at han subjektivt trudde han hadde tatt imot hasj og ikkje kokain, seier Storrvik.
– Elles er vi godt nøgd med at nivået er justert frå 16,5 år i påstand til 13,5 år i dommen, seier han.
Jobba saman
Dei tiltalte kom til Noreg med leigebilar og fly og kommuniserte med krypterte appar.
To undervass-scooterar som blei frakta i ein bil inn i Larvik gjorde at tollarar fatta mistanke.
Dei tipsa politiet, og dei kunne så finne ut at fleire av dei budde på eit hotell ved Gardermoen.
Etter å ha fått overlevert dykkarutstyr, køyrde dei seks personane i to leigebilar til Husnes. Den 26 år gamle mannen køyrde i ein bil han hadde lånt av nokon han kjente i Sverige. Tre av dei, derav mannen som dykka, kvinna, og mannen som no er død, fekk etter kvart kjøpt meir dykkarutstyr i Bergen.
Avslørte etter storaksjon
Etter å ha fått opp kokainen på land, blei dei seks arresterte. Aktiviteten som politiet filma med varmesøkjande kamera, gjorde at dei kunne pågripe.
I retten hevda fleire av dei at dei ikkje kjende kvarandre, og nokre av dei var også redde for ein italiensk advokat som hadde kontakta dei. Dei var redde for blodhemn om dei snakka.
Ein av dei hevda han var i Noreg for å kontrollere eit turistskip. Den same mannen hevdar at skrift på fengselsveggen ikkje var meint til nokon andre enn han sjølv.
Aktor meinte skrifta var ein hemmeleg beskjed til den tiltalte kvinna.
– Eit samfunnsproblem
I rapporten Nasjonal trusselvurdering frå januar 2024 skriv Kripos at profesjonalisering av kokainsmugling har medført at beslaga blir større og styrkegraden blir mykje høgare.
I tillegg kjem det fram i rapporten at det er sannsynleg at albanskspråklege narkotikanettverk vil utgjere ein betydeleg trussel mot Noreg innan innførsel og distribusjon av kokain.
– Organisert kriminalitet er eit stort samfunnsproblem for heile verda, så det er veldig viktig å prøve å overvinne dette, sa aktor Hordnes til NRK tidlegare.
Publisert 26.06.2024, kl. 13.15 Oppdatert 26.06.2024, kl. 13.18