Alf og Kate drar ut på landet for å fylle bensin

4 months ago 36


Alf og Kate Vinnes fyller helst bensin når dei er på hytta i Strandvik i Bjørnafjorden, ein dryg time frå Bergen sentrum.

Det sparar dei nemleg fire-fem kroner literen på, har ekteparet rekna ut.

– Me gjekk tilfeldig bortom ein gong for å sjå kva dei tok for literen her, fortel Alf.

– Og sidan har me fylt her, skyt Kate inn.

Alf og Kate Vinnes held rundt kvarandre ved sidan av drivstoffpumpene i Strandvik

Alf og Kate Vinnes sparer på krona ved å la pumpa gå på bygda.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Det er ikkje den største tanken på hybridbilen til ekteparet Vinnes, men denne gongen sparte dei likevel over førti kroner.

– Det skal ein ikkje kimse av, seier Alf.

Sluttprisen auka raskare på denne pumpa i Bergen sentrum.

Agnieszka Iwanska/NRK

Dei sparer pengar på ein tendens som Konkurransetilsynet har bite seg merke i.

– Me ser at det er tendensar til at konkurransen er svakare enn ein skulle forvente i mange byar, og at det er lågare prisar i nærliggjande område, seier seniorrådgjevar i Konkurransetilsynet Stig Torje Bjugn.

Oversiktsbilete over bygda Strandvik

Det er ikkje tilfeldig at det er i hytteparadiset Strandvik ekteparet Vinnes har funne favorittpumpa si.

Ekteparet bur til vanleg i Bergen, litt over ein time med bil frå Strandvik.

Same ettermiddag dei fylte tanken i Strandvik kosta ein liter bensin 25,41 kroner på ein stasjon nær Bergen sentrum.

Ein halvtimes køyretur mot Strandvik, i Osøyro, hadde prisane søkke med litt over ei krone literen.

Ein ferjetur lenger vekk frå byen sparte dei nesten fem kroner literen sett opp mot heime i Bergen.

Alf Vinnes fyller bensin.

Elleve liter seinare har dei full tank, og nesten femti kroner ekstra til å unne seg noko godt på nærbutikken.

Ikkje same mønster

Bjugn i Konkurransetilsynet trur at ei mogleg forklaring til variasjon av bensinprisar, er dei små drivstoffkjedene som typisk held til utanfor byane.

Seniorrådgiver i Konkurransetilsynet Stig Tore Bjugn seier det kan vere dei mindre kjedene på bygda som er årsaka til prisforskjellen.

Seniorrådgjevar Stig Torje Bjugn i Konkurransetilsynet.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– Vanlegvis forventar ein at det er sterkare konkurranse og lågare prisar der det er flest aktørar, altså i byane, seier han.

Men når det kjem til drivstoff tener aktørane mindre på å sette ned prisen i mange byar, fordi det er så lett å sjå kva dei andre tar for literen, kan Bjugn fortelje.

Men dei mindre kjedene i distrikta følger ikkje det same prismønsteret som dei store, og har ein lågare og meir stabil pris.

– Då bidreg dei til sterkare konkurranse lokalt, seier Bjugn.

Bensin til 24.09, diesel til 22.56, viser skiltet.

Ein av fleire bensinstasjonar nær kommunesenteret Osøyro i Bjørnafjorden i Vestland hadde bensinpris på nesten 25 kroner. Stasjonane i nærleiken hadde nær like prisar som denne.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Opptil seks kroner billigare

Drivstoffprisane svingar mykje i løpet av ei veke, og varierer frå stad til stad.

Bjugn fortel at prisane kan òg variere frå stasjon til stasjon, sjølv om dei høyrer til same kjede.

Literprisen på drivstoff er billegare på bygda.

Det kan verke som at bygd er betre enn by når ein skal fylle tanken.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

– Dei store kjedene set opp prisane på alle stasjonane ein til to gonger i veka, til nokolunde same nivå, før dei blir tilpassa den lokale konkurransen.

Det betyr at to stasjonar frå same kjede kan få forskjellige prisar, alt etter kva prisane er på dei andre stasjonane i nærleiken.

Forskjellen kan vere opp mot seks kroner literen.

Literprisen på drivstoff er billegare på bygda.

Òg dei store kjedene blir billegare i distrikta. Moglegvis for å kunne konkurrere med dei små aktørane i nærleiken, trur Konkurransetilsynet. Her frå Venjaneset, nær Strandvik i Bjørnafjorden i Vestland.

Foto: Martin Værum Anda / NRK

Det viser at dei store kjedene kan ta stor forteneste der konkurransen er svakare, meiner han.

– Det at dei mindre aktørane kan tilby lågare prisar og likevel overleve i marknaden tyder jo på nettopp det.

Bjugn viser ikkje til konkrete kjeder, men uttaler seg generelt om aktørane i marknaden.

Stadfestar at prisar varierer

NRK har kontakta fem av dei store aktørane i drivstoffmarknaden.

Arild Buen som er regionssjef for Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, og Trøndelag i YX svarer, trass ferietid.

– På generelt grunnlag skal våre stasjonar vere konkurransedyktige i sin lokale marknad. Det kan medføre forskjellar på pris, skriv han i ein tekstmelding.

St1 er ein av to som har svart på spørsmåla. Dei har sidan 2015 eigd og drive norske Shell-stasjonar. Kommunikasjonssjef Lillian Aasheim stadfestar at prisane kan variere:

– I tillegg til variablane for kostnadar, skattar og avgifter, blir drivstoffprisane på dei enkelte stasjonane sett ut frå den lokale konkurransesituasjonen.

Pressefoto av Lillian Aasheim i St1

Kommunikasjonssjef i St1 Lillian Aasheim.

Foto: St1 Norge

Ho seier kundane er opptatte av drivstoffprisane, og at fokuset til St1 er å tilby konkurransedyktige prisar over heile landet.

– Marknadsprisen varierer over heile landet, og derfor er det ikkje ein felles nasjonal pris i masta på alle våre Shell-stasjonar.

Av omsyn til konkurransen ønsker ho ikkje å utdjupe deira prisstrategiar, men understrekar at bransjen blir følgd tett av Konkurransetilsynet.

– Me opererer sjølvsagt i tråd med lovgjeving og retningslinjer for ein sunn og god konkurranse.

Prisdugnad

Seniorrådgjevaren i Konkurransetilsynet oppmodar folk om å følgje med på korleis prisane utviklar seg lokalt, og få eit inntrykk av kva som er høge og låge prisar der dei bur.

– Me meiner jo at konkurransen i drivstoffmarknaden ikkje er så god som han kunne vore, og at det er nokre store aktørar som ikkje utfordrar kvarandre så godt som dei kunne gjort, seier Bjugn.

Ikkje berre er det godt for eiga lommebok, det kan òg vere ein form for prisdugnad, seier han.

– Viss mange nok er medvitne på pris kan det bidra til sterkare konkurranse og lågare prisar på sikt. Og om ein er så heldig at ein har mindre aktørar i sitt nærområde som held ein relativt låg pris, kan dei bidra til lågare prisar lokalt.

Har du tips?

Hei!

Har du innspel eller tips til andre saker eg bør sjekke, så send meg gjerne ein e-post. 

Publisert 17.07.2024, kl. 15.48

Read Entire Article