Alexander Stöckl opnar opp om avskjeden: – Håpar det berre blir stille

4 months ago 36


– Det var ikkje nokre teikn i forkant på at ting var såpass ille. Og så sat eg med kjensla at: Ved å ta direkte dialog ved dag éin, så hadde vi funne ei løysing som var betre for alle, seier Stöckl som gjest i Dagsrevyen måndag kveld.

Hopptrenaren har blitt folkekjær sidan han tok over ansvaret som landslagstrenar i 2011. Førre veke kom den endelege bekreftinga på at han er ferdig i jobben, etter misnøye frå landslagshopparane.

Hopparane uttrykte for første gong misnøye i eit brev til hoppkomiteen etter VM i skiflyging i slutten av januar.

– Kva bør ein ny trenar gjere?

– Ein ny trenar burde kanskje vere meir trenar og meir fokusert på det som handlar om sjølve utøvarane.

– Var det der du bomma?

– Eg tok eit val. Og det var faktisk å sørge for at dei som er rundt meg: Trenarteamet og støtteapparat får gjort jobben sin, og dermed tok eg på meg mange andre arbeidsoppgåver som vi ikkje hadde personale til som da sannsynlegvis førte til at avstanden mellom utøvarane og meg blei større, seier Stöckl.

Hoppuka

SUKSESS: Dei norske hopparane har levert nokre strålande år under Stöckls leiing. 

Foto: Geir Olsen / NTB

Stöckl: Treng fornying

På spørsmål av kva han trur norsk hoppsport treng, svarer han:

– Det er sannsynlegvis ei fornying. Det er det moglegheiter for nå. Eg trur utøvarane og trenarane rundt skal prøve å få det til så godt som mogleg. Det er eit VM som kjem på heimebane. Det blir spennande. Det er nok ein stor motivasjon, seier han.

Dei siste åra har vore prega av opprivande konfliktar. Blant anna har den nå avgåtte sportssjefen Clas Brede Bråthen ved fleire gonger vore i konflikt med leiinga i Skiforbundet, i tillegg til prosessen rundt Stöckl sjølv dei siste månadene. Hoppgreina har også over fleire år hatt ein pressa økonomisk situasjon.

– Kva trur du om framtida til norsk hoppsport?

– Eg håpar berre det blir stille og at ein kan fokusere på det som eigentleg er viktig, og det er treningsarbeid og innsats inn mot konkurransar. Med gode prestasjonar så håpar eg at folk kjem til å sjå på og heie på, og at hoppsporten lever vidare på ein ordentleg måte.

– Eg kjenner vi alltid har prøvd å legge til rette så godt vi kunne. Vi har jobba veldig hardt i åra som har vore. På grunn av den store belastninga, så har det vore vanskeleg å vite at utøvarane har hatt stor misnøye. Har vore vanskeleg å sjå at det var noko som ikkje fungerte.

– Eg føler at vi har mangla litt ressursar dei siste åra. Det har vore ei utfordring med sponsorar. Det veit alle. Det har også ført til ein del som har oppstått undervegs.

– Er det noko du tar sjølvkritikk for eller angrar på i denne prosessen?

– Når ein endar opp i ein slik situasjon som eg gjorde nå, så tenker eg at det er viktig å reflektere og finne ut om ein kunne gjort noko betre. Eg har betraktningane mine rundt det, kva eg kunne gjort betre, men det ønsker eg å behalde for meg sjølv.

Takkar for støtte

Midt i stormen har den populære tidlegare trenaren opplevd at det norske folk har trykt han til sitt bryst.

– Det betyr mykje for meg som menneske. Så det set eg veldig stor pris på. Det bekreftar at eg har gjort noko riktig, seier han.

– Det er så utruleg mange meldingar og blomsterbukettar som er sendt heim til meg med handskrivne brev. Det har vore heilt magisk. Det har sjølvsagt vore ei fantastisk støtte, fortel 50-åringen.

Misnøye etter VM

Det var etter VM i skiflyging i Kulm i slutten av januar, at dei mannlege hopparane sende eit brev til Hoppkomiteen i Noregs Skiforbund der dei fortalde om si misnøye og kravde endringar i støtteapparatet med umiddelbar verknad.

Utøvarrepresentant Johann André Forfang skreiv i ein utsegn til NRK at det ikkje handla om resultat, men at dei ynskte å sette saman eit nytt team inn i VM-sesongen som ligg framfor dei.

Alexander Stöckl vart difor bedt om å slutte som landslagstrenar, men takka først nei til forhandlingar om ei sluttavtale.

Etter dette var ikkje Alexander Stöckl å sjå på eit einaste hopprenn med det norske landslaget, som trenar.

– Det har vore ei ganske krevjande tid for meg, eigentleg for alle. Det tok lang tid, men som eg har sagt tidlegare, så ville det vore betre om eg fekk prate med hopparane direkte frå starten. Men den mogelegheita fekk eg ikkje.

Stöckl var til stades under hopparane si avsluttninghelg i Planica i mars. Der snakka han og utøvarrepresentant Johann André Forfang ut. Men Stöckl har ikkje snakka med utøvarane no i seinare tid.

– Ber du nag til dei?

– Nei, det gjere eg ikkje. Vi har hatt eit fantastisk forhold over mange år. Vi har skapt store augneblink saman. Eg ønskjer dei lykke til vidare og håpar dei utviklar seg vidare.

Fått fleire jobbtilbod

Etter at sluttavtalen var eit faktum fredag ønsker 50-åringen å sjå framover. Han har alt fått fleire jobbtilbod på bordet og må om få veker bestemme seg for framtida. Tilboda er både innan og utanfor hoppbakken.

– Det er då snakk om trenarjobbar?

– Det kan eg ikkje sei noko meir om.

Men til NRK stadfestar han at det ligg svært spanande tilbod på bordet. No skal han rådføre seg med familie og vener før han bestemmer seg i løpet av dei neste vekene.

– Det er jo tenkeleg at det er på tide å gjere noko anna.

Ein ting er han likevel fast bestemt på. Han og familien kjem ikkje til å flytte frå Noreg.

– Absolutt ikkje. Vi trivest veldig her og er godt etablert. Vi har dottera vår på skule i andre klasse no, så vi har ikkje nokon tankar om å flytte frå Noreg.

– Men man kan bu i Noreg og jobbe i utlandet?

– Ja, det er mogeleg det, seier han med eit smil.

Publisert 27.05.2024, kl. 19.48 Oppdatert 27.05.2024, kl. 20.00

Read Entire Article