Politikarane i kommunestyret har no bestemt at skulane skal få flagge under pride, men det blir opp til kvar enkelt skule om dei vil det eller ei.
For omtrent to veker sidan blei det kjent at kommunedirektøren i Ålesund hadde bestemt at skulane ikkje skulle flagge med regnbogeflagg for å markere pride.
Det skapte sterke reaksjonar landet rundt, og mange viste motstand til avgjerda på sosiale medium. Ein rektor valde også å trasse kommunen, og heiste flagget på skulen i protest.
På grunn av den store motstanden ombestemte ordføraren seg og sa at politikarane i Ålesund skulle ta den endelege avgjerda. No er den tatt, og kommunen har snudd.
- Torjus (24) meiner det er viktig at skulane får flagge. Han hadde sjølv trengt det då han gjekk på skule.
Fleirtal mot flaggnekt
Varaordfører Monica Molvær (H) tok tidleg ordet då saka blei behandla i kommunestyret i Ålesund torsdag kveld. Ho var tydeleg på at ho meinte skulane skal få flagge.
– Det er berre to år sidan folk blei skutt på Karl Johan for å elske nokon. Homo er framleis det mest brukte skjellsordet i skolegården og av vaksne folk på fotballtribunen. Når vi ser alt grumset i kommentarfelta, ser vi at det er desto større grunn til å heise flagget til topps.
– Alle forelskingar og sommarfuglar burde vere like mykje verdt, seier Molvær.
KrF var einaste parti som stemte for å halde fram med faggnekt på skulane i kommunen. Tore Johan Øvstebø i partiet stilte spørsmål til kven som no skal avgjere om skulane skal flagge eller ikkje.
– Eg har lite tru på at dette vert enklare om vi no overlet til kvar enkelt skule å bestemme dette. Kven skal då ha siste ord? Foreldra i FAU, barna i elevrådet, eller rektor?
Forventa utfall
Ei fersk undersøking gjort for NRK viser at 64 prosent av befolkninga meiner myndigheitene ikkje skal forby skulane å flagge for å markere pride.
På tysdag var det formannskapsmøte i Ålesund kommune, og også der valde eit stort fleirtal å gå inn for at skulane sjølve skal bestemme om dei vil flagge eller ikkje.
Det var berre Kristeleg Folkeparti (KrF) som stemte for at dei ikkje skal flagge.
NRK-journalist og politisk ekspert Trond Vestre sa same dag at kommunestyret truleg kom til å ende på same konklusjon som formannskapet.
Tli hausten skal det også bli utarbeidd eit flaggreglement for Ålesund kommune. Vedtaket som blei gjort i kommunestyret i dag vil gjelde fram til flaggreglementet er på plass.
Publisert 06.06.2024, kl. 19.31