Aldri seld meir ereksjonspiller i Noreg: – Unge brukar det som ei forsikring 

4 months ago 146


– Det er mange som kjøper det. Mange unge kjem inn og har lyst å prøva.

Det seier farmasøyt André Samari ved Apotek 1 på Majorstuen i Oslo.

Det siste tiåret har salet på legemiddel mot impotens auka med nær 160 prosent. Over 2,5 gongar så mange boksar blei seld i 2023 som i 2014.

Og trenden er langt ifrå på veg til å snu.

– Det er absolutt i vinden, seier Samari.

Mann smiler inn i kamera. André Samari farmasøyt.

Samari er farmasøyt og sel reseptfri Viagra. Han seier han har merka at det er fleire unge menn som vil prøve det.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Enkelt og tilgjengeleg

Nyleg skreiv SVT om at bruken av potensmiddel blant unge menn i Sverige hadde auka kraftig dei siste åra.

I Noreg er det mogleg å kjøpa Viagra utan resept, og det finst derfor ikkje same oversikt over alder på dei som kjøper pillene her til lands.

Lege i Sex og Samfunn, Simon Ertzeid, meiner det ikkje er grunn til å tru at Noreg skil seg spesielt ut frå naboane.

Portrettbilde av Simon Ertzeid som jobber i Sex og samfunn.

Simon Ertzeid er lege og jobbar i Sex og Samfunn, Noregs største senter for seksuell og reproduktiv helse og rettar.

Foto: Sex og samfunn

– For nokon blir det kanskje ein tryggleik å ha det i nattbordskuffen. Som ei forsikring, om det ikkje skulle gå som planlagt og ein ikkje får ereksjon, seier han.

Tabu å prate om det seriøst

Ute i Oslos gater var det få som ville prate med NRKs heldige utsende om potens, ereksjon og viagrabruk.

Kompisane William Weng og Mads Reis trur det er fordi det er tabubelagt å innrømme at ein må ta piller for å prestera seksuelt.

– Det kan godt vera at det er mange som kjøper det, men som ikkje fortel om det. Det kan kanskje opplevast som flaut at ein må få hjelp, seier Reis.

William Weng og Mads Reis

Weng og Reis føler seg komfortable med å prate med kvarandre om dei har ein dårleg seksuell oppleving, men at det ofte kjem ut som litt meir tull, enn seriøst.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Weng seier det ofte er mykje press på å prestera seksuelt, og at mange kan bli stressa om ein ikkje er på sitt beste ein kveld.

Sjølv har han berre kjøpt Viagra éin gong, på «kødd» for å lure ein kompis på gutetur til Kroatia i 2018, fortel han.

Brukar du Viagra eller liknande?

Prestasjonspress

Lege Ertzeid seier det er få unge menn som faktisk har behov for å bruka Viagra eller liknande.

I likskap med Weng og Reis seier han at mange unge menn kjenner på eit press om å prestera.

På grunn av manglande fokus på nyting i seksualundervisninga, er det mange som gjer det dei trur er rett, heller enn å kjenne etter kva som følast godt, seier han.

Viagra

I slutten av 2019 vart det lovleg å kjøpa reseptfri Viagra i Noreg.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Forventningane er ofte forma av det ein ser og les på sosiale medium eller nettaviser. Det er snakk om bodycount og orgasmegap, og at ein alltid må ha ereksjon.

Kan få langvarig ereksjon

Ertzeid seier det faktisk er heilt normalt å ikkje få ereksjon ein gong i blant.

– Hovudregelen er at om ein får ereksjon av seg sjølv om morgonen, så er det som oftast ingenting i vegen med å få ereksjon elles også, forklarar han.

Legen seier det ikkje er spesielt farleg å ta Viagra eller liknande, om du er ung og frisk.

– Men det kostar mykje, og for mange er det unødvendig, seier han.

I tillegg kan ein oppleva å få blodtrykksfall eller bli svimmel.

– Så kan ein få priapisme. Det er ein ereksjon som varar lengre enn fire timar, og som kan gjera vondt. Då kan ein ende opp på legevakta, seier han.

På Apotek 1 på Majorstuen seier farmasøyt Samari at dei som ynskjer å kjøpa reseptfri Viagra må svare på fleire spørsmål om helsa, før dei får kjøpt det.

– Spørsmåla gjeld i all hovudsak blodtrykk og helse generelt, for å sikra at ein ikkje har underliggande sjukdommar som kan vera knytt risiko til, seier han.

Publisert 26.06.2024, kl. 17.39

Read Entire Article