– Det er ikkje tvil om at dei alle er skyldige i det dei er tiltalte for.
Det seier aktor og konstituert førstestatsadvokat Benedicte Hordnes i Hordaland tingrett i dag. Ho prosederer og legg ned påstand mot dei fem tiltalte i Husnes-kokainsaka i dag.
Dei fem tiltalte blei arresterte etter at dei hadde fått opp fire sekkar med til saman 150 kilo kokain frå sjøen. Narkotikaen var festa under skipet «Nordloire» som kom frå Brasil til Husnes.
Ein sjette person som blei arrestert, blei funnen død i fengsel.
Dei fem er tiltalte som ei organisert kriminell gruppe, for den såkalla mafiaparagrafen.
– Det dreiar seg om å hente ut kokain til store verdiar, seier aktor.
– Her er det proft og velorganisert, seier ho.
Dette meiner påtale var rollene til dei tiltalte:
Dette er påstand frå aktor:
- Mann (46): 16 år og 6 månader.
- Kvinne (33): 16 år og 6 månader.
- Mann (30): 13 år og 2 månader.
- Mann (27): 16 år og 6 månader.
- Mann (26): 16 år og 6 månader.
30-åringen meiner aktor at skal ha rabatt fordi han har tilstått. Derimot meiner aktor at 26-åringen ikkje skal ha strafferabatt fordi han trudde dei skulle smugle hasj.
– Å seie dei trudde det var hasj, er typisk, for det gir lågare straff, seier aktor i prosedyren.
Forsvararane i saka skal prosedere frå onsdag ettermiddag og ut torsdag 30. mai.
– Visste kva dei var med på
Av dei fem tiltalte har ein vedgått straffskuld. To av dei har vedgått å ha vore med, men at dei ikkje visste dei skulle hente kokain.
Når aktor prosederer er ho klar på at ho meiner forklaringane til dei tiltalte er usanne.
– At dei ikkje visste det var kokain er så lite truverdig at forklaringane deira må utelukkast, seier aktor.
Ho la fram at det var usannsynleg at nokon ville gi eit slikt oppdrag utan å informere, eller at nokon ville ta eit slikt oppdrag utan å vite kva dei skulle hente.
Aktor viste også til at dei tiltalte skulle få betalt for det dei var med på.
– Det er ingen tvil om at dei visste kva dei var med på og at dei visste kva som var i bagane, seier aktor Hordnes.
At dei tiltalte kom inn til Noreg kvar for seg, nokre i bil, og nokre med fly, meiner aktor viser at dei er profesjonelle.
– Dei har dedikerte roller, og dei har eit klart formål med turen, seier Hordnes.
Meiner det er bakmenn
Den eine tiltalte, 46-åringen som dykka etter bagane med narkotikaen, skal ha skrive eit hemmeleg bodskap på fengselsveggen.
Han har hevda han skulle til Noreg for å inspisere eit turistskip, og at han trudde dei stal noko frå eit skip då han dykka.
Fleire av dei har hevda dei skulle på ferie i Noreg. Tiltalte har hevda å ikkje kjenne kvarandre, og dei meiner også at dei var tvungne til å hente bagane.
Aktor meiner dette er feil.
– Dei lyg av ein grunn når dei seier dei er på ferie, ikkje har sett dei andre, at dei var tvunge, at dei trudde det var hasj. Dei veit kva dei var med på, og dei prøver å sleppe unna, seier Hordnes.
Nokre av dei tiltalte har sagt dei fryktar blodhemn. Aktor seier i prosedyren at tekstmeldingar viser at det er fleire bakmenn som ikkje var med på oppdraget i Noreg.
Til dømes la ho fram at nokon gav informasjon til dei tiltalte om kvar skipet var i løypa, og at nokon kontakta huseigar av utleigebustaden på Husnes etter at dei tiltalte var arresterte.
– Det er openbert dei driv med «crime as a service» for å tene pengar, seier aktor.
Hadde utstyr og var kjappe
Aktor meiner at utstyret 26-åringen kjøpte, med mat for lenger tid, i tillegg til vakuumpakkemaskin, pakkeposar, eingongshanskar, og teip gir bevis.
– Det er openbert han skal handtere dette stoffet. Han skal bruke dette til noko, seier aktor.
At tiltalte skulle ha dette til å pakke mat, meiner aktor er feil.
– Det er totalt usannsynleg dette er til mat, seier aktor.
I retten har det blitt lagt fram korleis politiet filma frå helikopter med varmesøkjande kamera at kokainen blei henta opp.
Aktor la i prosedyren vekt på at operasjonen med dykket, som 46-åringen gjorde, skjedde kjapt.
– Dykkaroperasjonen er klart det farlegaste, å ta ut narkotikaen. Det er ein liten stad, så difor skjer dette så profesjonelt, det skjer raskt, og det er naudsynt med fleire bilar, seier aktor.
Brukte store summar
Aktor la også fram at det blei brukt mykje pengar for å få til hentinga. Utgifter til fly, hotell, leigebilar, utleigebustad på Husnes, og kjøp av nytt dykkarutstyr til over 30.000 kroner.
– Dette dykkarutstyret ville truleg blitt lagt igjen, dei skulle fly ut, seier aktor.
Når det gjeld kvinna meiner aktor at ho er den som har komme med flest usanningar, svært tilpassa bevisa.
Aktor ber retten om å ikkje la seg lure av at den tiltalte er ei dame.
– Nokon gonger speler dei offerkortet, men ho veit kva ho er med på. Ho gjer dette for pengar, som dei andre, seier aktor.
Ho meiner kvinna ikkje kan ha vore på ferie, slik som tiltalte har sagt ho var. Ho trur ikkje på dykkaren då han meinte at kvinna hadde blitt dratt inn i smuglarjobben.
– Kvifor er dei to stykk og står fram som eit par? Det er for at det skal verke mindre mistenkeleg, seier aktor.
Publisert 29.05.2024, kl. 13.53 Oppdatert 29.05.2024, kl. 13.59