Både brannvesen og politiet reiste i dag ut til eit gardsbruk i Gjesdal etter melding om ein gjødselkjellar som hadde kollapsa.
Ingen dyr eller personar skal ha blitt skadd.
Fleire jobbar med opprydding
Det er endå ikkje avklart korleis kjellarstrukturen har kollapsa.
Politiet har no kopla på kommunen i arbeidet med opprydding av dei fleire hundretusen literane med dyremøkk.
Noko av gjødsel skal ha spreidd seg til det nærliggande Limavatnet.
I innleiande fase blir det arbeida med å avgrense utsleppa frå kjellarkollapsen.
Publisert 19.11.2024, kl. 10.04 Oppdatert 19.11.2024, kl. 10.26