24-åring dømd til 13 års forvaring

4 months ago 31


Det melder Bergensavisen og TV2.

Bestekompisen fekk den knuste flaska i halsen og døydde av forblødning.

24-åringen nekta straffskuld, og forsvararen argumenterte for at han berre kunne dømmast for kroppsskade med døden til følge.

Mannen er no funne skuldig i drap, og dømd til 13 års forvaring samt å betala erstatning til avdøde sine foreldre.

Den strenge dommen begrunnast med fare for gjentaking.

Leikeboksa

Hendinga skjedde i Løvstakkvegen i Bergen romjula 2022.

To andre menn var til stades i leiligheita då det skjedde, men desse vart etter kort tid lauslatt.

Dei to og ein tredje kamerat hadde drukke øl og vodka, og på eit tidspunkt bestemde den dømde 24-åringen og offeret seg for å leikebokse. 24-åringen skal då ha fått eit kutt i panna og blitt provosert.

– Eg var sint, men ville berre skremme. Han kom mot meg. Eg gjorde ein brå røyrsle og oppdaga at flaskedelen råka han i nakken. Eg var heilt i sjokk og forvirra, sa han i retten ifølgje BA.

– Det var ei tragisk ulukke. Det var aldri meininga å skada han eller drepe han. Han var min beste venn.

Gamle vener

Dei to skal ha kjend kvarandre sidan dei flykta frå Sudan.

Publisert 08.07.2024, kl. 14.41 Oppdatert 08.07.2024, kl. 14.54

Read Entire Article