22 tips til kultur i sommar-Noreg

5 months ago 149


Ellevilt humorspel, ranglerock, internasjonale musikkstjerner, fotballballett – og mykje meir – er på lista over NRK-kritikarane sine beste tips for sommaren 2024 i dei ulike delane av vårt langstrekte land.

Har du litt flaks, skjer det noko rett spanande der du er i sommar. Eller du kan leggje turen til det som freistar mest.

Nord-Noreg

Naturleg og kunstig kunst

Kunstverkene Rød og sort sorg (2006), Mildhet (1990) og Mine tre hoder (1988) av Ingunn Utsi, en skulptur og to bilder i bakgrunnen

LANGT KUNSTNARLIV: På utstillinga kan ein sjå både teikningar og skulpturar laga gjennom fleire tiår.

Foto: Kim G. Skytte / Nordnorsk Kunstmuseum
  • Kva: «Ingunn Utsi: Æ e det æ har gjort»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 5. januar 2025
  • Kor: Nordnorsk Kunstmuseum, Tromsø
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

Gjennom eit langt liv har Ingunn Utsi markert seg med si sanselege, materialbaserte kunst.

Ofte nyttar ho trevirke som ho har funnet i naturen, anten drivved frå havet, eller greiner frå daude trær i skogen. Ho kombinerer også iblant naturmateriale med pleksiglas og metall, og skapar såleis ei bryting mellom det naturlege og det kunstige.

Eg gler meg til å sjå separatutstillinga hennar «Æ e det æ har gjort» på Nordnorsk kunstmuseum seinare i sommar. Det anbefaler eg deg å gjere også, om du er i Tromsø-traktene.

Dette er ein viktig samisk kunstnar som nå vert presentert i full breidde.

Toppmusikarar mellom fjelltoppar

Bildekollasje av Leif Ove Andsnes sittende ved et klaver og Vilde Frang stående, spillende på en fiolin.

INTERNASJONALE STJERNER: Lofoten Kammermusikkfestival feirar i år sitt 20-årsjubileum, med eit strålande program, som Leif Ove Andsnes og Vilde Frang.

Foto: Marit Hommedal / NTB-Scanpix/NRK
  • Kva: Lofoten Kammermusikkfestival
  • Sjanger: Klassisk musikk
  • Når: 8. – 13. juli
  • Kvar: Svolvær
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik

– Eit sekssifra antal menneske gjestar kvar sommar Lofoten, på jakt etter høge fjell og djupe fjordar.

Men ikkje alle veit at Lofoten kvar sommar byr på klassiske musikk­opplevingar som kan få den mest blaserte berlinar eller verdsvande wienar til å flakke med blikket.

To av Noregs toppmusikarar kjem: Pianist Leif Ove Andsnes og fiolinist Vilde Frang. Det same gjer den unge og framstormande Chaos String Quartet, som for tida er BBC New Generation Artists.

Her ligg det an til storarta konsert­opplevingar i fantastiske omgjevnadar.

Magi i Nord-Troms

konsert med Rolffa på Riddu Riđđu, publikum foran scenen

UTEKONSERT: Konsert med Rolffa under nattehimmelen på ein tidlegare Riddu Riđđu-festival.

Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen / Riddu Riđđu
  • Kva: Riddu Riđđu
  • Sjanger: Folkemusikk, dans, scenekunst m.m.
  • Når: Frå 10. til 13. juli
  • Kor: Manndalen i Kåfjord
  • Anbefalt av: Are August Flannagan Furubotn

I fjor sommar møtte eg fem musikarar frå Taiwan som nett hadde spelt på den internasjonale urfolksfestivalen Riddu Riđđu. Dei snakka så høgt om festivalen, det glødande lynne til publikum og det fortryllande landskapet, at deira ovundring for festivalen smitta over på meg.

Nå er eg overtydd om at ein kan oppleva stor magi på Riddu Riđđu, og at det absolutt er verd å ta turen til Manndalen i juli.

Krigshistorie langs toglina

Fra forestillingen "Sona/Zona" ved Nordland teater

BRUTALITET: Ei framsyning om krigens brutalitet, nazistanes vrengde raseideologi og dehumanisering

Foto: Bjørn Leirvik / Nordland Teater
  • Kva: «War Travels – Sona/Zona»
  • Kor: Narvik, Sortland, Leknes, Mosjøen, Bodø, Mo i Rana
  • Sjanger: Teater
  • Når: Frå 23. juli til 11. august
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

Denne sommaren reiser Nordland teater på turné i heile fylket med framsyningar som handlar om krigshistorier langs nordlandsbanen.

Dette er eit omfattande og unikt prosjekt, der fire ulike framsyningar set krigshistoria vår i perspektiv.

Det handlar om krigsfangane som hadde tvangsarbeid på nordlandsbanen, om bakhaldsangrep i «Kappe land», om solidaritet når det står på som verst, samt musikalen «Narvik» om krig og kjærleik.

Dette er eit kjempeløft frå Nordland teater.

Midt-Noreg

Feministisk kunstpioner

"Prestekrave" av Else Hagen, 1956/7.

«PRESTEKRAVE»: Else Hagen var ein spennande kolorist, som skapte måleri som oppløyste fargesymfoniar.

Foto: Børre Nilsen / Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
  • Kva: «Else Hagen. Mellom mennesker»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 1. september
  • Kor: Trondheim Kunstmuseum (seinare til Nasjonalmuseet og til Kunstsilo)
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

Else Hagen er ein viktig feministisk pioner i norsk kunstliv, som skildrar sterke, frie og sjølvstendig kvinner og jenter i kunsten sin. Ho braut med myten om kvinnekunst som smått og pynteleg. I dag er ho mest kjend for den store steinmosaikken «Samfunn» i vandrehallen i Stortinget.

I utstillinga «Mellom mennesker» får vi sjå Elsa Hagens kunstnariske utvikling, og kva for impulsar i tida som var med på å forme ho som kunstnar.

Dette er ei breispektra presentasjon av ei viktig norsk føregangskvinne på kunstscena.

Ei veke full av aktivitet

Fra_Go´kar-tevling på Jørn Hilme-stemnet i 2023. Mann i spranget med publikum i bakgrunnen

HØGE SVEV: Fra Go´kar-tevling på Jørn Hilme-stemnet i 2023.

Foto: Anders Lillebo / Jørn Hilme-stemnet
Odd Nordstoga-konsert på utescene på Jørn Hilme-stemnet i 2023 i gråvær. Publikum sitter i skråning ned not scenen kledd i regntøy, bakgrunnen ses fjord og fjell

UTEKONSERT: Odd Nordstoga-konsert mellom fjord og fjell i 2023.

Foto: Knut Aastad Bråten / Jørn Hilme-stemnet
Jutullaget spilte til dans på Jørn Hilme-stemnet i 2023.

FEST: Jutullaget spela til dans på Jørn Hilme-stemnet i 2023.

Foto: Anders Lillebo / Jørn Hilme-stemnet
 Et glass med markblomster og et brodert hjerte der det står Hilme.

PERFEKT SOMMAR: Ein festival mellom markbllomar og fin natur.

Foto: Knut Aastad Bråten / Hilme
  • Kva: Jørn Hilme-stemnet
  • Sjanger: Folkemusikk, folkedans m.m.
  • Når: Frå 7. til 14 juli
  • Kor: Fagernes i Valdres
  • Anbefalt av: Are August Flannagan Furubotn

Det skjer så sabla mykje spennande på Jørn Hilme-stemnet at eg ikkje veit kor eg skal byrja.

Stemnet går over ei veke og er ein miks av kappleik, konsertar, teater, litteratur, dykk i arkivet, kurs, dans med andre ord er det flust av aktivitet.

Særleg laurdagskvelden lokkar: Kvelden opnar med den eksperimenterande improfolkgruppa Morgonraude og sluttar med mikrotonal elektrofolk frå Naaljos Ljom, noko som legg opp til ein skikkeleg fin kveld.

Teit veslebror

NY RUNDEAR TRUA: I Slaget på Testiklestad har gardsfolket fått ei tru til å tru på, og den er dei truande til å spela spel for å passe.

  • Kva: «Slaget på Testiklestad»
  • Sjanger: Humorspel
  • Når: Frå 17. juli til 6. august
  • Kor: Sverresborg Folkemuseum, Trondheim
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

«Trøndelags teitaste spel» er det blitt kalla, veslebroren til det ruvande og ærverdige «Slaget på Stiklestad».

I året der ein markerer tusenårsjubileet for kristenretten, kan ein forsøka seg både på originalen og på den meir tøysete varianten av den kjende soga om ein har sommar i Trøndelag.

Testiklestad-spelet har tiårsjubileum i år, og som dei seier sjølv: «Historia er den same gamle skiten, berre eldre og meir potent». Denne framsyninga er perfekt oppvarming til ein lystig vennekveld.

Musikk for kvar ein smak

Sigrid på Ravnedalen Live

STORE STJERNER: Sigrid har sanka prisar og utmerkingar, i sommar kan du høyre ho i Trondheim.

Foto: Malin Heggebø Rolfsen / NRK
  • Kva: Olavsfestdagene
  • Sjanger: Musikkk (pop, klassisk m.m.)
  • Når: 18. juli – 3. august
  • Kor: Ulike stader i Trondheim
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik

– Programmet under Olavsfestdagene spenn frå legender som Angélique Kidjo til Marja Mortensson og Sigrid.

Her skulle det vere noko for dei fleste musikkinteresserte.

Slovensk filharmonisk kor har æra av å ramme inn festivalen, og avslutninga kan knapt bli mektigare: Giuseppe Verdis berømte Requiem saman med Trondheim symfoniorkester.

Vestlandet

Fangar lyset

Flom av Hanne Friis, detalj. Formasjon i isblått, hvitt og grått

EIGE FORMSPRÅK: Friis har utvikla sitt heilt eige formspråk i grenseland mellom tekstil og skulptur. Ved å brette stoffa i små presise legg som ho syr saman med fisketråd, skapar ho ei slags «vafla», eller rilla, overflate.

Foto: Øystein Thorvaldsen / KODE
  • Kva: «Hanne Friis: FLOM»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 15. september
  • Kor: KODE i Bergen
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

Ho har skapt ein 250 kilo tung skulptur av gamle olabukser, ei gigantisk «trekrone» av syntetisk gummi, og farga tekstilar med alt frå bark og kongler til ugras og urin. Nå har Hanne Friis fått fylle hele den vakre tårnsalen i det gamle Lysverket på KODE.

Der heng kaskadar av nylon frå taket. Frå ein vinkel ser det ut som silke, frå ein annan ser det ut som plast. Her fanga ho skiftingane i dagslyset på ei utruleg vakker måte.

Hanne Friis sine skulpturar er talande, utan at dei har noko tydeleg bodskap. Her kan du vandre inne i denne flaumen av lys.

Historia om ei britisk lady

STERK HISTORIE: Skjebnen var ikkje særleg mild mot Lady Arbuthnott.

  • Kva: «Lady Arbuthnott»
  • Sjanger: Musikkteater
  • Når: Frå 19. til 29. juni
  • Kor: Sunndal kulturhus
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

Dette er musikkteater som har ord på seg for å halda eit svært høgt nivå.

For 27. gong set JazzåTeatret opp forteljinga om den styrtrike britiske ladyen som drog på bryllaupsreise til Sunndalsøra og enda opp som man-eater på same staden. Ikkje berre, sjølvsagt, ho gjorde mykje for bygda, og dei slo ring rundt ladyen då ting vart vanskelege for henne.

Legg du turen til nordvestlandet, er dette ei framsyning å merka seg.

Vridd folkemusikk

RANGEL: Reolô er ei oppleving verd.

  • Kva: Ranglerock
  • Sjanger: Folkemusikk
  • Når: 28. og 29 juni
  • Kor: Bryne
  • Anbefalt av: Are August Flannagan Furubotn

Med sin hugtakande vri på folkemusikken, med skeive rytmar og vrang tonalitet, speler gruppa Reolô på todagarsfestivalen Ranglerock. Då er det stor fare for at dei framkallar transetilstandar og oppmodar publikum til ekte rangel.

Dette er ei gruppe som det absolutt er verd å få med seg.

Skyhøgt nivå

SMAKEBITAR: Festivalen har klippa saman desse smakebitane frå kva du kan få med deg på årets festival.

  • Kva: Førde Internasjonale folkemusikkfestival
  • Sjanger: Folkemusikk
  • Når: Frå 3. til 7. juli
  • Kor: Førde
  • Anbefalt av: Are August Flannagan Furubotn

Nivået på programmet til skandinavias største festival for folkemusikk, Førdefestivalen, er skyhøgt som vanleg.

Hit kjem mellom anna kurdiske Ali Doğan Gönültaş. Han har gjort eit mangeårig feltstudie av tradisjonsmusikken til ein anatolsk/mesopotamisk busetjing i heimbyen Kiğı, noko som i 2022 resulterte i eit fenomenalt album.

Med si uttrykksfulle og fintfølande stemme rører han noko djupt inni meg som sannsynlegvis blir ganske mektig å høyra live.

Baroni utan snobberi

Rosendal baroni

MUSIKK OG BREKING? Forvent topp musikk, og ein triveleg prat med sauane på veg ned etter konserten.

Foto: Liv Øvland
  • Kva: Rosendal Kammermusikkfestival
  • Sjanger: Klassisk musikk
  • Når: 7. – 11. august
  • Kor: Rosendal, Kvinnherad
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik

– Under den mektige Folgefonna låg i fleire hundre år Noregs einaste baroni. I dag er Baroniet Rosendal museum, og i tillegg heimplass for ein av dei mest unike festivalopplevingar innanfor den klassiske musikken.

Rosendal kammermusikkfestival blir leda av pianist Leif Ove Andsnes, og samlar kvart år nokre av verdas fremste musikarar.

Men dette er ikkje nokon snobbe­festival, tvert om er stemninga påfallande laus og ledig.

Årets tema er «kontrastar», og kombinerer musikk av Johann Sebastian Bach med ungarske komponistar som Liszt, Bartók og Kurtág.

Sørlandet

Brei utstilling i betongkatedral

 Rundt 600 av den enorme Tangen-samlingen har fått plass i åpningsutstillingen "Nordiske lidenskaper".

KUNST PÅ KUNST: Kvar sal i utstillinga har fått sin eigen visuelle identitet, som eit kunstverk i seg sjølv.

Foto: Tor Simen Ulstein
  • Kva: «Nordiske lidenskaper»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 26. september (noko heng til mot slutten av året)
  • Kor: Kunstsilo, Kristiansand
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

I Kristiansand kan du oppleve det flunkande nye museumsbygget Kunstsilo. Det er ein gammal funkissilo forvandla til ein betongkatedral som både er prega av ein rå industriell venleik, men også noko framand­gjerande og nesten uhyggeleg.

Opningsutstillinga er den største presentasjonen av (Nicolai) Tangen-samlinga nokon gong. Ho fokuserer på framveksten, oppblomstringa og avblomstringa av modernismen i Norden: surrealisme mellom 1910 til 1940, via organiske og geometriske abstraksjonar på 50 og 60-talet, til pop og postmodernisme, og politisk aktivisme fram mot millenniumskiftet.

Her får du oppleve spektakulær og flunkande ny arkitektur, og eit breitt spekter av kunstverk av høg kvalitet på eitt brett!

Eit klassisk høgdepunkt

Tine Thing Helseth i blomstrete kjole, som holder en trompet foran seg.

STOR TROMPETIST: Tine Thing Helseth er kunstnarisk leiar for festivalen.

Foto: tinethinghelseth.com
  • Kva: Risør Kammermusikkfestival
  • Sjanger: Klassisk musikk
  • Når: 25.–30. juni
  • Kor: Risør
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik

– Risør Kammermusikkfestival har heldt det gåande i 33 år, og held seg framleis på topp blant klassiske festivalar her på berget.

I år byr festivalen på eit spanande program med mykje fokus på kvinnelege komponistar som framleis ikkje får den eksponeringa dei fortener.

Med norske og internasjonale utøvarar i toppklasse ligg dette an til å bli eit av sommarens høgdepunkt på klassiskfronten.

Dans både dag og natt

Folk danser i Oslo 17.mai 2023, Brusteinsballet til BUL Oslo

LEIKARRING: BUL Oslo deltek på Nordlek, her frå Brusteinsballet deira i Oslo 17. mai i fjor.

Foto: Thor Hauknes
  • Kva: Nordlek 2024
  • Sjanger: Tradisjonsrik dans
  • Når: Frå 16. til 21. juli
  • Kor: Arendal
  • Anbefalt av: Are August Flannagan Furubotn

Festivalen som berre blir arrangert kvart 3. år på rundgang mellom dei fire største landa i Norden, kjem i sommar til å spela seg ut i Arendal, og det ser ut til å bli ei ordentleg storhending.

Finsk tango, grønlandsk steppedans, danske turdansar og bygdedans frå Agder, songdans, fridans og kjededans, morgon-, kveld- og nattdansher skal det dansast!

Festivalen byr på ein rekke kurs og godt høve til å læra seg nye steg, bli kjend med tradisjonar frå våre naboland og til å kjenna gleda ein kan få av å vera med i eit stort dansefellesskap.

Ibsen utanom det vanlege

Plakat for forestillingen Brand i Fjæreheia i Grimstad juli 2024

BRAND I BIBELBELTET: Ibsenkompaniet syner historia om den idealistiske og kompromisslause presten Brand.

Foto: Fjæreheia.no
  • Kva: «Brand»
  • Sjanger: Teater
  • Kor: Fjæreheia Amfi, Grimstad
  • Når: Frå 20. til 28. juli
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

Det Norske Ibsenkompaniet presenterer denne sommaren sjølvaste «Brand» i bibelbeltet – med Vidar Magnussen som regissør, og med eit gospelkor som skal knalla lovsongen mellom fjellveggane.

Med skodespelarar som Kristoffer Olsen, Kjersti Elvik og Vidar Magnussen sjølv på scenen, kan dette bli ein «Brand» utanom det vanlege. Kan tru flytta fjell? Til og med i Fjæreheia? Det får vera opp til Vidar Magnussen og Vårherre.

Denne framsyninga kan bli topp eller flopp.

Austlandet

Ei storhending!

To rektangulære felt i vinrødt over hverandre på oransj bakgrunn med mørk oransj strek mellom de to feltene. Mark Rothko, Uten tittel, 1969, National Gallery of Art, Washington, gave fra The Mark Rothko Foundation, Inc., 1986.43.275

STOR UTSTILLING: Dette er den største presentasjonen av denne verdsberømte kunstnaren i Norden nokon gong.

Foto: Mark Rothko / © 2023 Kate Rothko Prizel & Christopher Rothko
  • Kva: «Mark Rothko. Malerier på papir»
  • Sjanger: Kunst
  • Når: Fram til 22. september
  • Kor: Nasjonalmuseet, Oslo
  • Anbefalt av: Mona Pahle Bjerke

«Eit måleri er ikkje eit bilde av ei oppleving; det er i seg sjølv ei oppleving» sa den latvisk-amerikanske kunstnaren Mark Rothko.

Han er i dag regna som ein av modernismens mest ruvande skikkelsar. Sjølv om han i det ytre på ein måte gjer det same igjen og igjen, stemmer desse ulne fargerektanglane opp mot kvarandre, skapar han likevel noko heilt unikt kvar einaste gong.

Rothko er ein kunstnar som heile tida søkjer og utforskar, som famlar etter ei målerisk kraft. Helst ville Rothko at publikum skulle møte bileta med sterke, emosjonelle reaksjonar som gråt eller kvalme. Dei som står og diskuterer fargar, har misforstått.

Ta ein tur og sjå kva slags verknad bileta har på deg. Dei gjer noko med deg.

Dans + fotball = Sant

FOTBALLDANS I OPERAEN: Operaen viser (diverre) ein forkorta versjon av suksessballetten, men (heldigvis) til ein lågare pris.

  • Kva: «A Dance Tribute to the art of Football»
  • Sjanger: Dans
  • Når: Frå 27. juni til 21. juli.
  • Kor: Operaen, Oslo
  • Anbefalt av: Karen Frøsland Nystøyl

Lei av fotball-EM? Eller kan hende du berre elskar fotball og ikkje kan få nok? Uansett: Er du i Oslo, er dette ei legendarisk danseframsyning verdt å få med seg.

Jo Strømgren Kompani dansar ei hylling til fotballen og fotballspelaren – det er ei supergøy framsyning som passar heile familien. Sidan premieren i 1997 har denne framsyninga vore vist verda over som ein av dei største kulturelle eksportartiklane frå Noreg.

Nå har du sjansen på heimebane. Nytt høvet!

Festival i det fri

Stein Torleif Bjella på utescenen på Heme dine-festivalen fredag 23. juli 2021. Publikum sitter oppover i skråningene rundt på gresset. I horisonten skimtes langstrakte fjell.

FESTIVAL I FJELLET: Mottoet til festivalen er at alt smakar betre ute.

Foto: Thor Hauknes / Kulturfotografen AS
  • Kva: Heme dine
  • Sjanger: Folkemusikk og folkedans
  • Når: Frå 25. til 28. juli
  • Kor: Engerdal
  • Anbefalt av: Are August Flannagan Furubotn

Ein friluftsfestival med fokus på folkemusikk og folkedans? Det er tre fantastiske F-ar som kling godt i mine øyre.

Frisk luft, knitring frå bålpanna og mengder av buskspel og konsertar: festivalen verker nærast å svara til eit sanatorieopphald som nører sjela og gjer hugen lun.

Her ville eg dratt for å fyllast med fryd og gaman.

Kvinnene fram i lyset

Alma Mahler

MELLOM ELSKAR OG EKTEMANN: Anna Mahler sin musikk blir å høyre i Oslo i august.

Foto: Fra kirkearkiv
  • Kva: Oslo Kammermusikkfestival
  • Sjanger: Klassisk musikk
  • Når: 7.–14. august
  • Kor: Ulike stader i Oslo
  • Anbefalt av: Eystein Sandvik

– Oslo Kammermusikkfestival satsar i år på eit program der kvinnelege komponistar blir løfta ut av skuggen frå deira samtidige mannlege kollegaer.

Under temaet «det evig-kvinnelege» presenterer festivalen musikk av ei lang rekke kvinner frå renessansen fram til i dag, framført av framifrå musikarar frå inn- og utland.

Sjølv ser eg spesielt fram til konserten der musikken til Alma Mahler blir framført mellom verk av hennar tidlegare elskar Alexander von Zemlinsky og seinare ektemann Gustav Mahler.

BONUS! Er du i Østfold og interessert i kunst? Da kan denne utstillinga vere noko for deg:

UTSTILLING: Kunstnarparet Sidsel Colbiørnsen og Ørnulf Opdahl stiller i sommar ut sin billed- og tekstilkunst ved galleriet Soli Brug i Sarpsborg. Sjå reportasjen frå NRK Østfold.

Publisert 14.06.2024, kl. 15.42

Read Entire Article