19 har søkt om sluttavtale ved lærarutdanninga på NTNU

3 months ago 14


– Dette er ein tøff situasjon for heile instituttet og eg skjøner at mange er urolege for eigen arbeidssituasjon.

Det seier konstituert instituttleiar Ruth Grüters.

For sjølv om 19 tilsette har søkt om sluttpakke er det ikkje nok for å redde den økonomiske situasjonen for instituttet.

Me har hatt eit håp om å unngå oppseiingar, men det er dessverre sannsynleg at det no blir aktuelt, seier dekan Tine Arntzen Hestbek.

Alle fekk tilbod om sluttpakke

Alle tilsette ved institutt for lærarutdanning fekk tilbod om sluttpakke tidlegare i sommar med frist om å søke innan utgangen av 12. august.

I ei pressemelding understrekar universitetet at det er ikkje sikkert at alle som har søkt om sluttpakke får det innvilga.

For dersom ein tilsett har det instituttet ser på som kritisk kompetanse vil ikkje vedkommande få innvilga sluttpakke.

Publisert 13.08.2024, kl. 13.44 Oppdatert 13.08.2024, kl. 13.55

Read Entire Article