14 drepne i åtak mot skule i Gaza – mange skadde og drepne i Libanon

1 week ago 6


  • Siste: Minst 14 personar derepne i eit israelsk åtak på skule i flyktningleiren Jabalia nord på Gazastripa
  • Israel hevdar dei gjekk til åtak på Hamas
  • Israel avviser våpenkvile i Libanon og held fram bombinga

Ein gut med armen i fatle, fulle sjukehus og mange drepne. Israel vil ikkje gå med på våpenkvile i kampen mot Hizbollah.

– Det blir inga våpenkvile i nord, seier Israel sin utanriksminister Israel Katz på X.

Dette trass i sterke oppmodingar om å roe kamphandlingane og unngå ein bakkeinvasjon inn i Sør-Libanon.

Seinast torsdag ettermiddag kom det meldingar om nye luftangrep mot Beirut.

Kort tid etter kom meldinga om at 14 menneske blei drepne då Israel gjekk til åtak på ein skule på Gazastripa.

Skulen, som ligg i flyktningleiren Jabalia, blei brukt som kommandosenter for Hamas, hevdar det israelske militæret (IDF).

Palestinske styresmakter på Gaza hevdar skulen var brukt som eit tilfluktsrom.

Mange syrarar drepne

Samstundes som Israel held fram kamphandlingane, kjem det nye tal på offer for den blodige konflikten.

Blant anna har over 100 syriske flyktningar i Libanon blitt drepne etter Israel si opptrapping, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Av desse er 32 born, opplyser Sohr.

Det bur anslagsvis 1,5 millionar syriske flyktningar i Libanon.

Israel har råka militsen Hizbollah hardt dei siste dagane. Først med dei svært uventa eksplosjonane i personsøkarar og radioutstyr. Så med intense flyangrep.

I nordlege deler av Israel er tusenvis av israelske soldatar i ferd med å gjere seg klare for ein mogleg bakkeinvasjon.

På veg til New York og FN, sa statsminister Benjamin Netanyahu, at han uansett har instruert hæren om å kjempe vidare.

Gisselfamiliar vil ha fred

Samstundes rykker no familiane til dei israelske gislane på Gazastripa ut og ber om våpenkvile i Libanon.

Dei meiner at det er ein tydeleg samanheng mellom det som skjer i Gaza og det som skjer i Libanon.

– Vi veit at desse tinga heng saman, dei nordlege og sørlege områda. Det er alt saman ein del av den same, store situasjonen vi er i som følgje av 7. oktober.

Det seier Gil Dickmann til Reuters.

I Libanon fryktar no mange kva som kjem til å skje vidare. Hundretusenvis av menneske har flykta frå heimane sine.

Bombardementet av Beirut og dei omkringliggande områda er dei mest omfattande sidan 2006.

Publisert 26.09.2024, kl. 15.10 Oppdatert 26.09.2024, kl. 15.14

Read Entire Article