1 av 6 oppdrettslaks døyr – manipulert hurtigvekst gir deformert hjarte

4 months ago 31


I fiskeoppdrett blir mykje av laksesmolten – altså «babylaksen» – manipulert til å veksa langt raskare enn i naturen.

– Det er ikkje tilfeldig at naturen brukar lang tid. Sakteveksande smolt er meir hardfør og vil klara seg betre, seier Øystein Klakegg.

Han er førsteamanuensis i akvakultur og veterinærmedisin ved Høgskulen i Molde, avdeling Kristiansund.

førsteamanuensis Øystein Klakegg, Høgskolen i Molde/Kristiansund

– Laksesmolt som får stå lenger tid i ferskvatn overlever betre som vaksen fisk enn smolt som er meir pressa til å veksa raskt, viser forskinga til Øystein Klakegg.

Han og kollegaene har no studert 5 millionar laksesmolt som var 1,5 år eller eldre då den vart sett ut i sjøen på Vestlandet. Forskarane målte overlevingsgrad, fòrbehov og kjøtkvalitet.

– Såkalla gammalsmolt klarer seg betre enn gjennomsnittet i Noreg, og betre enn yngre smolt som vart sett ut på dei same lokalitetane.

At oppdrettslaksen blir pressa til å veksa raskt tidleg i livet, kan vera ei viktig årsak til høg dødelegheit i merdane.

Deformerte og svake hjarte

Ei anna studie, frå Veterinærhøgskolen, har påvist at rask smoltvekst heng saman med deformerte hjarte og hjartesjukdom.

– Oppdrettsfisk har generelt veldig avvikande hjartefasong. Ei av årsakene til det kan vera den raske, intensive produksjonen av smolt i ferskvatn, seier førsteamanuensis Ida Beitnes Johansen.

– Det er ikkje tvil om at dette også bidrar til dødelegheit. Så eg tenker at det er eit kjempestort dyrevelferdsproblem.

– Fiskane blir mindre motstandsdyktige?

– Absolutt. Dei blir mindre robuste.

Ida Beitnes Johansen - førstemananuensis veterinærhøyskolen

Ida Beitnes Johansen ved Veterinærhøgskulen kallar hurtigveksande oppdrettssmolt som får svakt hjarte eit stort dyrevelferdsproblem.

Foto: Nuno Duarte / NRK

Studien viser at hurtigveksande smolt lettare får hjartesvikt.

– Dei får dårlegare hjartefunksjon. I det eine forsøket vårt viste smolten tidlege symptom på hjartesvikt etter at dei kom ut i sjø. Og fisk som har døydd etter avlusing, har meir avvikande hjarte enn dei som overlever, seier Johansen.

Eit mål med å få smolten raskt opp i vekt, er at jo større fisken er, jo kortare tid treng den å vera i sjø der den blir eksponert for lakselus.

– Spørsmålet er kor lurt det er, viss det går ut over organutvikling, seier Johansen.

Bilde av hjerte fra villaks og hjerte fra oppdrettslaks.

Studien ved Veterinærhøgskolen viser at hurtigveksande smolt lettare får hjartesvikt. Biletet viser hjartefasong hos villaks og oppdrettslaks.

Grafikk: Ida Beitnes Johansen / NMBU Veterinærhøgskolen

Klakegg understrekar at hurtig smoltvekst er i strid med slik villaksen veks seg stor og sterk i naturleg tilstand.

– Fisken har utvikla seg gjennom hundretusenvis av år i naturen. Tar ein fisken ut frå dei naturgitte forholda, så endrar ein mykje meir på fisken enn ein kanskje før har trudd.

Villaks på vei opp strykene i Vestre Jakobselv i Finnmark.

Villaks på veg opp stryka i Vestre Jakobselv i Finnmark.

Foto: KNUT-SVERRE HORN / NRK

Satsar på smolt som veks seint

Sørsmolt AS har spesialisert seg på sakteveksande smolt.

Veterinær for selskapet, Jan Gjerde, seier det reduserer problema med både fiskesjukdommar, lakselus og høg dødelegheit.

– Oppdrettsnæringa slit med enorme problem i sjøvassfasen: Dårleg tilvekst, stor dødelegheit. Det viktige er at når smolten går i sjøen, skal han ha kvalitet for robustheit og tilvekst. Ikkje nødvendigvis vera så veldig stor.

– Viss du greier å laga ein robust fisk med god tilvekst, er han også ganske motstandsdyktig mot lus.

Gjerde meiner mange store oppdrettsselskap er for opptekne av å få stor smolt.

Laksesmolt

Sakteveksande smolt gir laks som er meir robust mot sjukdom og avlusing, viser forsking.

Foto: Vossolauget

Norsk Sjømat: – Forsvarleg dyrehald og optimal ressursbruk

På spørsmål om argument for og mot hurtigveksande laksesmolt, svarar Jon Arne Grøttum, direktør for havbruk i bransjeorganisasjonen Norsk Sjømat:

– Havbruksnæringa søker alltid best mogleg kunnskap for forsvarleg dyrehald og optimal ressursbruk. Næringa sitt eige forskingsfond jobbar blant anna med slike problemstillingar.

Han opplyser at 40 prosent av smolten som blir sett ut i sjøvatn, er såkalla vårsmolt. Det svarar omtrent til null-åringar. Haustsmolt, nokolunde tilsvarande 1-åringar, utgjer 60 prosent.

Forskjell på hjarteform hos villaks og oppdrettslaks i ulike aldersstadier.

Avvikande hjartefasong oppstår tidleg hos hurtigveksande smolt. Figuren viser forskjell i hjarteform hos villaks og oppdrettslaks i ulike aldersstadier.

Foto: Veterinærhøgskulen

– Pushar smolten for mykje

Klakegg meiner oppdrettsnæringa er i ferd med å bli meir medviten om at høg vasstemperatur og rask smoltvekst har ulemper.

– Det er nok ein framveksande debatt som blir sterkare og sterkare. Den handlar om at ein kanskje pushar smolten for mykje. Viss helse- eller miljøforholda er litt problematiske i eit oppdrettsanlegg, trur vi det er ein fordel at fiskane er litt meir like den naturlege tilstanden når dei kjem ut i merdane.

Publisert 17.07.2024, kl. 11.49

Read Entire Article