1 av 4 har ikkje oversikt: Nina fekk forsikrings­sjokk etter fjøsbrann

4 months ago 35


– Det har vore beintøft, seier Nina Sofie Gjelsvik frå Bygstad i Sunnfjord.

I mai opplevde ho alle bønders mareritt. Fjøsen med 30 dyr i byrja å brenne.

– Det er livsendrande. Det er før og etter, seier Gjelsvik.

Forsikringssjokket

Like etter brannen får sunnfjordingen eit nytt sjokk.

Då Gjelsvik gjekk gjennom forsikringane sine fekk ho ein nedslåande beskjed.

Forsikringa av driftsbygninga dekka sjølve fjøsen og dyra, men gjenstandar rekna som lausøyre blir ikkje dekka.

– Det var ein fortvilande beskjed å få, seier Gjelsvik som erkjenner at ho ikkje har hatt god nok oversikt over forsikringane sine.

Sunnfjordingen anslår at verdiar til over 4 millionar i lausøyre gjekk opp i røyk. Blant dei to båtar, mykje utstyr og eit aggregat med nyverdi på 400.000 kroner.

No håpar ho andre ikkje går i same fella.

– Eg snakka med folk som har vore rådgjevarar for forsikring i 40 år, og i samtalar med meg så oppdaga dei sjølv at dei ikkje hadde kome av flekken om dei var i min situasjon. Så det er viktig ha kontroll på førehand, seier bonden frå Bygstad.

Brann i fjøs og uthus ved Bygstad i Sunnfjord

Det var 30 dyr i fjøsen, men berre 18 kom seg ut av bygningen som blei totalskadd i brannen.

Foto: Tipsar

1 av 4 har ikkje oversikt

1 av 4 nordmenn har ikkje oversikt over forsikringane sine.

Det syner ein ny landsdekkande undersøking, som er gjennomført av Respons Analyse på vegner av Fremtind.

– Det hender at vi har fleire forsikringar enn vi trenger, eller at vi misforstår kva dei ulike forsikringane faktisk dekker. Derfor er det lurt å sette seg godt inn i alle forsikringane dine, så du unngår unødvendige utgifter og misforståingar.

Det seier Therese Hofstad-Nielsen, skadeførebyggar i Fremtind, forsikringsselskapet til Sparebank 1 og DNB.

Juridisk seniorrådgjevar i Forbrukarrådet, Thomas Iversen, er ikkje sjokkert at berre éin av fire seier dei har full kontroll.

– Det er ikkje uvanleg at folk ikkje har heilt oversikt over forsikringane sine. I ei tid med høg prisvekst og mindre råd for mange, er det på sin plass å gjere ein sein vårreingjering i forsikringane dine, slik at du berre betaler for det du meiner at du treng, seier Iversen.

Thomas Iversen, juridisk seniorrådgiver i Forbrukerrådet

– Vårt råd er å i første omgang forsikre deg mot det som vil vere dei største katastrofane for deg, typisk uføre, husbrann, bilproblem, sjukdom på ferie og innbrot, seier Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukerrådet / Forbrukerrådet

Har du kontroll på forsikringane dine?

Best i Agder – verst i Vestland

Geografisk oppgjev nordmenn busett i Agder og Rogaland å ha mest kontroll over forsikringane sine, medan folk på Vestlandet har minst oversikt.

Spesielt den yngste gruppa (18-24 år) oppgjev å minst kontroll over forsikringar.

– Eg er ikkje overraska, seier Sigmund Clementz kommunikasjonssjef i If, og følger opp:

– Unge folk, som har vore dekka av foreldra sine forsikringar, får eit sjokk når dei flytter for seg sjølv. Det kan virke kjedeleg og mange stikker dessverre hovudet i sanden og tenker at det går over. Det er viktig å sette seg inn i dette når ein fyller 19 år.

– Kva bør dei unge då tenke på?

– Den gode nyheita der er at dei fleste forsikringsselskap tilbyr pakker retta mot denne målgruppa, der ein kan få dei viktigaste forsikringane til ein liten månadssum. Då får ein reise, innbu og ulukkesforsikring som dekker sykkeltjuveri, om nokon stel PC-en din eller om det byrjar å brenne, seier Clementz.

– Mitt klare råd er å skaffe seg slik forsikring i det du flytter heimanfrå.

Marius Solberg Anfinsen pressekontakt i Frende

Frende Forsikring

Marius Solberg Anfinsen, seniorrådgjevar Frende forsikring

Det er viktig å ha oversikt over kva forsikringer du har og hugse på at det heile tida skjer endringar i livet. Du kan vere riktig forsikra då du kjøpte dei, men for dei fleste endrar forsikringsbehovet seg gjennom heile livet. Difor seier vi alltid at det er nyttig å ta ein gjennomgang av forsikringane med jamne mellomrom. Det er kjipt å vere dobbelforsikra, men det er krise å vere underforsikra.

Sigmund Clementz kommunikasjonssjef i If Forsikring

If Forsikring

Sigmund Clementz, kommunikasjonssjef i If

Eg oppmodar alle om å sette seg godt inn i forsikringsvilkåra, spesielt når du inngår ein forsikring. Vilkårar har blitt mykje eklare å forstå dei siste ti åra, då det er jobba mykje med språket. Ein ting du ikkje skal gjere er å lese forsikringsvilkåra den dagen du står med vatn til livet i kjellaren og har fått ein skade. Det er viktig å vite på førehand, slik at du ikkje får ein overrasking.

Pål Rune Eklo

Gjensidige Jo Michael Figueiredo

Pål Rune Eklo, kommunikasjonssjef i Gjensidige

Vårt inntrykk er at det kanskje er spesielt dei unge som forsikring er nytt for. Ofte foreldra som tar seg av dette fram til ein sjølv flyttar ut. Hos litt eldre er det gjerne mannen i forholdet som har styrt med forsikringar. Ved samlivsbrot, eller at han går bort, er det mye som skal ordnes opp i. Ein kan også ha forsikringsordningar gjennom jobb som mange ikkje sett seg godt nok inn i.

For bonden i Bygstad som mista mykje verdi i brannen, er det likevel ingen tvil om kva vegen vidare blir.

– Eg skal bygge opp igjen og håpar ny fjøs er klar igjen innan to år, seier Nina Sofie Gjelsvik.

fjøsbrann

Sjølv etter ein tøff månad med fleire nedslåande beskjedar, har Nina Sofie Gjelsvik på ingen måte gjeve opp.

Foto: Steinar Lote / NRK

Publisert 05.06.2024, kl. 20.03

Read Entire Article