USA tok beslag i flyet til presidenten i Venezuela

Amerikanske styresmakter har teke beslag i flyet til Nicolás Maduro, presidenten i Venezuela. Det stadfestar det amerikanske justisdepartementet måndag kveld, skriv nyheitsbyrået Reuters. Dei meiner nyskaffinga av flyet braut med amerikanske eksportreglar. Ifølge CNN vart flyet beslaglagt i Den dominikanske republikk. USA og Venezuela har hatt eit anstrengd forhold i lengre tid. Tidlegare i år gjeninnførte USA sanksjonar mot olje- og gassindustrien i det søramerikanske landet, fordi dei meiner regjeringa til Maduro ikkje ville følga demokratiske spelereglar i samband med presidentvalet.

Sep 2, 2024 - 23:00
 0