Stor politiaksjon i Åsane og Alver

Fleire politipatruljar er til stades i Åsane og i Alver. Dette etter at politiet fekk melding om ei medvitslaus kvinne i ein bustad klokka 20.25. Politiet brukar hundepatrulje og politidrone i aksjonen. – Det er omstende rundt dette som gjer at vi ikkje kan utelukka at kvinna har vorte utsett for noko straffbart, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt til NRK. Kvinna er køyrt til Haukeland sjukehus. Skadeomfanget et ukjent og omstenda kring hendinga er uklare. Politiet undersøkjer om kvinna er utsett for ei straffbar handling. – Ingen er pågripne, seier innsatsleiar på staden Tom Johannessen. Det er også mykje politi i Åsane. Politiet seier dei undersøker fleire ting, men er ikkje meir konkret enn det.

Oct 17, 2025 - 03:00
 0