Kvinne funnen medvitslaus i Alver
Ei kvinne blei funnen medvitslaus i ein bustad i Alver torsdag kveld. I ei oppdatering kl. 03.23 skriv politiet at ei av hypotesane dei jobbar ut ifrå er at ho er utsett for noko straffbart. Men dei er framleis usikre på kva dei står overfor. Kvinna blei frakta til Haukeland sjukehus. Politiet skriv at dei forsøker å komme i kontakt med ein namngjeven person. Politiet fekk melding av AMK klokka 20.25, og var til stades både i Åsane og i Alver med fleire patruljar og drone. – Ingen er pågripne, sa innsatsleiar på staden Tom Johannessen.
