Stoltenberg: – Ein alvorleg feil

– Det er ein alvorleg feil at det blei sagt ting som ikkje blei følgt opp i budsjettet, seier finansminister Jens Stoltenberg til NRK. – Då er det viktig å gjere to ting: Det eine er å beklage, det har vi gjort, og det er noko eg sjølvsagt er heilt einig i. Men enda viktigare enn å beklage er jo at vi retter opp og ryddar opp, legg han til. Onsdag møtte Stoltenberg pressa for å svare på spørsmål knytt til budsjettbråket. Finansministeren har den siste tida vore på ein bokturné i utlandet. Fleire stortingspolitikarar har vore kritisk til Stoltenberg sitt val om å reise på bokturné. – Det er fullt mogleg å handtere desse sakene sjølv om eg ikkje fysisk i helga, måndag og tysdag var her i Stortinget. Eg har vore på jobb heile tida, også i helga, seier Stoltenberg. – Dette er ei bok som var planlagt lenge før eg blei finansminister. Eg følte det var fullt forenelig å gjennomføre arrangementa og likevel halde den kontakten med regjeringa, departementet og statsministeren som gjorde at vi fekk den avklaringa vi fekk på måndag, legg han til.

Oct 22, 2025 - 14:00
 0