Stadaas og Smedås vann La Diagonela

I sør-austre del av Sveits, i Engadindalen, gjekk det 55 kilometer lange La Diagonela føre seg laurdag. Lenge var det ei stor gruppe som kjempa i front, men da det stod att fem kilometer hadde tre norske løparar rive seg laus frå resten av feltet. Kasper Stadaas, Johan Hoel og Thomas Ødegaarden skulle gjere opp om sigeren. I spurten var Stadaas overlegen og Ragde Charge-løparen tok sigeren framfor lagkompis Johan Hoel og Ødegaarden frå Team Eksjöhus som enda på 3.-plass. Sigeren er Kasper Stadaas sin andre i La Diagonela. Han vann også rennet attende i 2022. Stadaas leiar også totalcupen i Ski Classics etter ein god sesong med fleire pallplassar og ein siger tidlegare denne vinteren. I kvinneklassa fekk dei norske løparane Magni Smedås og Emilie Fleten ei tidleg luke ned til resten av feltet. Dei to gjekk saman heilt til mål. I spurten var Smedås overlegen og tok sin fyrste siger denne sesongen.

Jan 20, 2024 - 15:00
 0