Sogndal Fotball og Tore André Flo avsluttar samarbeidet

Sogndal Fotball og Tore André Flo avsluttar samarbeidet frå og med i dag. – Klubben vil umiddelbart starte jakta på å få inn ein erstattar for Tore André. Informasjon om dette vil bli meldt så snart det er klart, skriv Sogndal Fotball. Det har vore kjent ei stund at Flo ikkje forlengjer med Sogndal. – Me takkar Tore André Flo for hans innsats og engasjement i tida han har vore hjå oss, og ynskjer han lukke til vidare i si trenarkarriere. I pressemeldinga frå klubben står det at dei set stor pris på støtta frå tilhengarar i overgangsperioden. – Me ser fram til å jobbe hardt for å kome attende på rett spor, skriv dei.

Sep 30, 2024 - 15:30
 0