Skotheim tilbake etter skade – sette ny personleg rekord
Sander Skotheim sette ny personleg rekord i fyrste konkurranse etter kneskaden han pådrog seg under Bislett Games i juni.
– Toppforma startar definitivt å nærme seg, seier Sander Skotheim etter å ha tatt ny rekord i spydkast.
Han kasta 62.39 meter under Noregsleikane på Jessheim, laurdag. Den førre rekorden var på 62.11 meter.
– Eg er glad for personleg rekord. Så blei eg ivrig etter det. Då blir det kortare, eg er ikkje tolmodig nok. Det blir to kast over 60 meter, eg er fornøgd med det, seier Skotheim til NRK.
Skotheim var verdas beste tikjempar før skaden, men merkar no at forma er i betring. Målet i VM i Tokyo er framleis ein gullmedalje.
– No er eg i ein periode der eg føler eg blir betre for kvar dag som går, legg han til.