Regjeringa la fram forslag til ny abortlov

Regjeringa stadfestar at dei vil forslå å utvide dagens grense for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker. – Dette er i tråd med praksisen i dag. Det er nesten ingen som får avslag på søknadar om abort etter veke 12, sa helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) då han la fram forslaget fredag. I tillegg foreslår regjeringa ei ny formålsparagraf som både skal sikre rettane til dei gravide og vernet om det ufødde livet. Regjeringa foreslår også at fostertalsreduksjon skal bli rekna som abort, og at mor kan avgjere dette fram til veke 18, og at reservasjonsretten til helsepersonell blir lovfesta. Det vil seie at dei kan reservere seg mot å utføre abort av samvitsgrunnar. Dei foreslår også å redusere talet på nemnder frå 23 til 5–10 fagleg samansette nemnder. Statsrådane frå Senterpartiet har teke dissens på to punkt i forslaget. Dei ønsker ikkje å utvide grensa for sjølvbestemt abort og at fostertalsreduksjon skal bli rekna som abort.

Aug 23, 2024 - 14:30
 0