PSG knuste Real Madrid – klare for finale
Paris Saint-Germain høvla over Real Madrid, ved å vinne 4–0 i semifinalen i klubb-VM. To enorme tabbar frå Raúl Asencio og Antonio Rüdiger i midtforsvaret gjorde at PSG leia med to mål før det var spelt ti minutt. Fabián Ruiz blei seinare i omgang tomålsscorar. Gonçalo Ramos gjorde audmjukinga komplett like før kampslutt ved å sette inn det fjerde. I målfeiringa heidra han hans avdøde landsmann Diogo Jota, ved å gjere portugisarens kjende feiring, ved å sette seg ned og late som han spelar videospel. I finalen møter dei Chelsea.
