NM-gull til Weng

Heidi Weng frå BUL IL tok gull på 5-kilometeren under NM del 2 på Hovden fredag – Eg er veldig nøgd. Eg var eigentleg stiv frå start til mål, sa Heidi Weng til TV 2 etter løpet. Midt i rennet var Weng åtte sekund bak Julie Myhre frå Byåsen IL, som tok sølvet. Myhre sikra seg dermed sin andre NM-medalje på to dagar, sidan ho også var med på å vinne lagsprinten torsdag. – Dette var tøft. Eg prøvde å disponere det eg hadde, men det var tungt på slutten, sa Myhre til TV 2 etter ho hadde kome i mål, men før ho visste at løpet heldt til medalje. I mål var Myhre ni sekund bak Weng. Bronsen gjekk til Guro Bostad frå Strindheim IL. Ho var 15 sekund bak Weng i mål. – Det var ein krig. Det var berre å gi gass. Fem kilometer, så det er berre å gi gass og miste hovudet, sa Bostad til TV 2. PS. I ein tidlegare versjon av meldinga stod det at Weng tok sitt første NM-gull sidan 2016. Det er feil. Ho vart også noregsmeister i fjor.

Mar 28, 2025 - 11:00
 0