Mann til sjukehus etter alvorleg truck-ulukke
Ein mann er køyrd til Kristiansand sjukehus etter ei ulukke på eit industriområde i Lillesand. Politiet beskriv hendinga som ein «meget alvorlig ulukke» med alvorlig personskade. Ambulanse blei kalla til staden då politiet fekk melding om ulukka 00.30. – Det fremstår for oss som at ein person er påkøyrd av ein truck. Vedkommande som er påkøyrd er frakta til sjukehus med ambulanse, seier operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Eyvind Formoe, til NRK ved 02.30-tiden. Ifylgje politiet har det vore ein samankomst med fleire menneske i eit næringsbygg. Politiet har kontroll på ein mann. Dei mistenker køyring av truck i påvirka tilstand. Stedet undersøkes av kriminalteknikere, opplyser politiet.
