Minst fire drepne i russiske åtak mot Ukraina

I Ukraina er minst fire personar drepne og fleire skada i russiske åtak natt til søndag. Kyiv er råka av fleire droneåtak. Tre personar i byen er drepne i åtaka, melder Kyiv-ordførar Vitaliy Klitsjko. Dei drepne er ifylgje Klitsjko ei eldre kvinne, ei ung kvinne og eit spedbarn. Vrakdelar av ei nedskoten drone skal også ha starta ei brann på toppen av ei seksten etasjer høg boligblokk. – Redningstenester er på veg til staden, skriv Klitsjko på Telegram. Vitne i Kyiv seier til Reuters at delar av straumnettet er slått ut. I Sumy-regionen nordaust i landet blei ein person drept og fleire skadde i åtak gjennom natta. Blant dei skadde er eit ni år gamalt barn, opplyser lokale styresmakter. I tillegg blei 15 personar såra i eit russisk droneåtak mot Zaporizjzja sør i Ukraina i kveld. Fire måtte til sjukehus for helsehjelp, opplyser regionale styresmakter.

Sep 7, 2025 - 06:00
 0