Manchester United vann i målfest – tok sin tredje strake seier
Manchester United tok sin tredje seier på rad da dei laurdag kveld vann 4-2 mot Brighton.
Matheus Cunha sette inn 1–0 i det lengste hjørnet etter 24 minutt. Manchester United heldt eit høgt trykk utanfor 16-meteren til Brighton og vann igjen ballen. Bruno Fernandes lobba ballen på tvers til Casemiro, som igjen fann Cunha. Brasilianaren tok ein liten touch, før han på lekkert vis breisida ballen perfekt nede ved stolpen.
2–0 kom etter at Casemiro drog seg fri utanfor 16-meteren og fyrte av eit skot. Det gjekk via ein Brighton-spelar og da var målvakt Verbruggen utspelt.
Kamerunske Bryan Mbeumo vart han som fiksa 3–0. Benjamin Sesko vende bort ein motspelar før han fann Mbeumo ute til høgre. Mbeumo hadde ingen problem med å sette inn sitt tredje mål i Premier League denne sesongen.
Da alle trudde at Brighton var heilt fortapt, så gav ein tidlegare United-helt dei kvite og blå likevel håp etter 74 minutt spelt. For da Brighton fekk frispark rett utanfor 16-meteren til United, steg Danny Welbeck fram. Han klemte til og sneik ballen over United-muren og rett under tverrliggaren. Eit strålande frisparkmål av Welbeck.
Eitt minutt inn i overtida kom Brighton sitt andre mål. Eit hjørnespark frå høgre, og der hoppa Charalampos Kostoulas høgast og stanga inn 2-3.
Mens mange United-supporterar nok kjente på nervøse kjensler, så dukka plutseleg Bryan Mbeumo opp nok ein gong. Han kom seg fri ved 16-meteren, drog seg innover og banka inn seiersmålet 4-2.
Manchester United tok med det sin tredje strake seier i Premier League. På ni kampar har dei 16 poeng, og førebels ligg dei på 4.-plass i serien.