Liverpool tapte på overtid
Med berre sekund igjen av kampen rauk den ubesigra rekka til Liverpool. I første omgang scora Ismaïla Sarr for heimelaget, og Liverpool skal prise seg lykkelege for at dei hadde Alisson Becker i mål, for Palace kunne fint leia med fleire mål. Etter pause spelte ligaleiaren betre. Like før fulltid viste Federico seg som ein superinnbytar da han sette inn utlikninga. Etter 96 minutt banka Eddie Nketiah inn sigersmålet. Liverpool hadde vunne alle dei fem første kampane i ligaen, men mot Crystal Palace sa det stopp. Liverpool er framleis på toppen av tabellen.
