Lastebilvelt i Nygårdstunnelen i Bergen – blir stengt lenge
Det melder politiet. Naudetatane er framme på staden. Det er eit vogntog lasta med ein stor betongkloss som har velta, melder operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Føraren av lastebilen er ein mann i 60-åra. Han er vaken og bevisst, men har skader, og blei frakta til sjukehus for vidare undersøkingar. Førebels er det ikkje meld at andre køyretøy har vore innblanda i ulykka. Det er to tungbilbergarar på veg til staden. Klossen skal vege 24 tonn, og det er òg mykje i vegbana som må ryddast før vegen kan opnast igjen. – Det er førebels ikkje mogleg å slå fast kor lenge tunnelen blir stengt, men det er eit krevjande oppryddingsarbeid, skriv Dahl-Michelsen.
