Budkov Kjær med siger for Noreg

Nicolai Budkov Kjær sørgde for at Noreg vann den første kampen i Davis cup-oppgjeret mot Taiwan da han slo Tung-Lin Wu. Nicolai Budkov Kjær tapte første sett 4–6, men slo tilbake i det neste og vant 6–3 og kampen blei dermed avgjort med eit siste sett. I det avgjerande settet viste den norske 19-åringen seg som den sterkaste da han vann 6–4. Noreg leiar derfor mot Taiwan. Vinnaren av dei to nasjonane blir bestemt av best av fem kampar. Vinnarnasjonen får spele Davis Cup-kvalifiseringa til våren. Viktor Durasovic møter Tseng Chun-Hsin i neste kamp. Kampen kan du sjå på NRK 1 frå 07.30 laurdag. Casper Ruud valde å stå over Davis Cup for å førebu seg til storturneringane som kjem i haust.

Sep 13, 2025 - 08:00
 0