Brått fall i oljeprisen

Den siste månaden har oljeprisen falle mykje. I ettermiddag gjorde den enda eit brått fall etter klokka 16, og hamna under 70 dollar fatet for første gong sidan desember 2021. Eit fat nordsjøolje (brent spot) blir klokka 16.45 selt for 69,45 dollar fatet. Mykje av årsaka til fallet, er at fleire er uroa for etterspørselen etter olje. Spesielt frå verdas største importør Kina. På same tid har fleire lurt på om landa i oljekartellet Opec ville setje i gang å hente ut meir olje, som dei lenge hadde planlagt. Med meir olje i marknaden ville det kunne presse prisen ned. Men førre veke stadfesta Opec at dei ville utsetje produksjonsauken med to månader, ifølgje DNB Markets. I sum gjer dette at marknaden fryktar at det vil vere eit overskot av olje neste år. Sidan midnatt har oljeprisen falle kring 3 prosent, og den siste månaden kring 13 prosent.

Sep 10, 2024 - 18:00
 0