VM-gullvinnaren legg opp – kjenner på skadefrykt: – Konsekvensen er sinnssjukt stor

4 weeks ago 12


Det bekreftar alpinisten i eit intervju med NRK.

Etter ein lang karriere på toppnivå, toppa med blant anna VM-gull, vel ho å legge konkurranseskia til side.

Folk har prøvd å snakke med meg om det heilt sidan mars, og berre ved å tenke på det så begynte eg å grine, fortel Tviberg.

VM i alpint Courchevel og Meribel 2023, parallellslalåm for kvinner

GLEDE: Tviberg rakk å bli verdsmeister i løpet av karrieren.

Foto: Lise Åserud / NTB

Når NRK møter den blide bergensaren har ho tenkt lenge på valet ho skal fortelje om.

Den 2. juli i år bestemte ho seg. Sjølv om vegen tilbake frå kneskaden ho pådrog seg i november i fjor eigentleg har gått over all forventning.

Eg kjenner på den frykta for å skade meg igjen, ho har blitt såpass stor. Konsekvensen av det å skulle fortsette er så sinnssjukt stor at eg berre klarar ikkje å stå inne for det valet om eg hadde valt det, seier ho.

Etter to korsbandskadar i kvart kne og ein alvorleg femte kneskade i fjor, kjente 30-åringen på at ho hadde «brukt opp» sjansane sine. Ikkje når det gjaldt moglege pallplassar og merittar, men når det gjaldt det å «attskape» eit friskt kne.

Ville unngå donor-korsband

Maria Therese Tviberg

SKADEPLAGA: Her er Tviberg etter femte alvorlege kneskade.

Foto: Skjermdump Instagram / @mariatviberg

Korsbandet har roke både som 16-åring, 18-åring, 21-åring og 24-åring. Og dessutan ein alvorleg kneskade i fjor da ho var 29 år gammal.

Ifølge Tviberg har ho med det brukt dei sjansane ein har for å sjølv kunne rekonstruere eit øydelagt kne.

Du har på ein måte tre sjansar for eit kne. Du kan hente graft, eit nytt korsband, frå hamstring, kvadriceps og patella. Og på venstrekneet mitt nå, så har eg brukt alle dei tre moglegheitene, seier Tviberg.

Maria Therese Tvibergs kne med arr.

MERKA FOR LIVET: Begge Tvibergs kne er fulle av arr etter operasjonar.

Foto: Glenn Aaseby / NRK

Derfor hadde konsekvensane vore enda større, dersom nok eit korsband skulle ryke.

Dersom eg skulle gjort det igjen nå, så måtte eg enten fått ein donor, eller enten da at ein levande person donerer eit korsband til meg, eller at eg hentar frå høgrekneet mitt, eller så må ein hente alograffer frå frysaren, da.

Den risikoen ønskte ikkje Tviberg å ta ein gong til.

Konsekvensen er rett og slett litt for stor. Eg berre kjente at, nei, der stoppar det for min del. Så lenge det har vore ei moglegheit at eg har kunna hjelpe sjølv, så har det vore ok, men nå er den sjansen brukt opp, seier Tviberg.

Eg har ikkje samvit til det overfor meg sjølv å skulle sitte i ettertid viss noko skjer, for ein må ta høgde for alle scenario. Ein må vere klar for å ta den risikoen, og den kjente eg at han var ikkje der lenger.

– Trur mange var sjokka

Men da ho sjølv innsåg at det var over, kom ikkje det som noka stor overrasking. Og ho står trygt og godt i valet som ho har brukt god tid på.

Eg har jo brukt fem korsbandskadar og eit halvt år på å lande i avgjerda, seier Tviberg.

Ho gler seg veldig til å ta fatt på det «vanlege» livet. Sjølv om ho ikkje veit kva den kommande tida byr på.

Eg er veldig nysgjerrig, veldig spent. Men det er skummelt akkurat nå.

Sidan 2010 har ho køyrt verdscup i alpint, og deltatt i store meisterskapar når ho ikkje har vore skadd. I løpet av karrieren har det blitt både VM-gull, VM-sølv og OL-bronse på Tviberg. Gullet var det første ei norsk kvinne har tatt individuelt i eit VM sidan 1958.

Maria Therese Tviberg

BLID: Sjølv om det er rart å fortelje om at ho legg opp, er Tviberg stort sett alltid å sjå med eit smil om munnen.

Foto: Glenn Aaseby / NRK

Støtta frå sambuar, lagvenninner, støtteapparat og sponsorar har betydd mykje både i tida før, men også etter at ho fall ned på avgjerda. Det viktigaste seier ho sjølv er at dei har late henne ta valet sjølv og ikkje pusha henne.

Eg trur veldig mange var sjokka over at eg plutseleg valde å gi meg, med tanke på at eg ikkje har gitt meg tidlegare. Så trur eg alle skjønar det veldig godt når dei får tenkt seg om. Og så blir ein lei seg, da. Og det er jo hyggeleg òg, for det betyr jo at dei bryr seg, og skulle gjerne ønske at du ikkje valde det, da, seier ho.

Dei har likevel bidratt med god støtte og gode råd.

Ragnhild (Mowinckel) gav meg eit godt tips, ho sa det at viss du er nysgjerrig på andre ting, så kanskje det er ein grunn til det. Og ikkje hald fram med det berre fordi det er trygt. Det tryggaste for meg nå er berre å seie ja og fortsette. Det er mykje skumlare å gi seg, seier Tviberg.

Publisert 12.09.2024, kl. 12.00

Read Entire Article