Når prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal gifte seg i Geiranger 31. august er det innført flyforbod.
Men politiet har gitt NRK og TV 2 lov til å fly med drone og dermed filme frå lufta, mot at dei deler video og bilder med andre mediehus.
Dette er managementet til brudeparet kritiske til, kjem det fram i brev til politiet.
«Dette har store konsekvenser for oss på flere plan. Jeg har store problemer med å forstå hvordan Møre og Romsdal politidistrikt kan inngå medieavtaler uten å involvere oss på noen måte. Det er vi som arrangerer bryllupet og jeg vil påstå og forvente at vi har noe med dette å gjøre», skriv Carina Scheele Carlsen i eit brev til politiet.
Carlsen er manageren til Märtha Louise og understrekar i brevet at bryllaupet ikkje er offentleg, slik det var då prinsessa gifta seg med Ari Behn i 2002.
Brudeparet har selt bilderettane til bryllaupet til det britiske kjendisbladet Hello Magazine. TV-rettane skal vere knytt til Netflix opplyser fleier kjelder til NRK.
Slottet seier nei til fotoavtale – Dette seier kongehuseksperten.
Kan ikkje hindre media
Politiet søkte om å innføre restriksjonar i lufta bryllaupshelga då dei fekk den førebelse gjestelista. På den måten kunne dei ivareta tryggleiken til gjestar som har krav på vern. I etterkant fekk NRK og TV 2 dispensasjon frå luftrestriksjonane i nokre avgrensa område.
Politiet presiserer at dei berre har heimel for å sikre tryggleiken, ikkje hindre media:
«Har vi kontroll på sikkerheita, har vi ikkje moglegheit å nekte pressa å filme/ta foto frå lufta. Tiltak utover dette må kome frå arrangør.», svarar kommunikasjonsdirektør Iselin Nevstad Øvrelid i Møre og Romsdal politidistrikt i svarbrevet.
Til NRK seier Øvrelid dette:
– Det ligg ikkje til politiet sitt oppdrag å legge føringar for pressa utover det som går på tryggleiken, og det har vi vore tydelege på i vår kommunikasjon med arrangør.
Ho seier at samarbeidet med arrangøren er godt.
Nyheitssjef i TV 2 Fredrik Kirkevold seier at det er opplagt at dei skal dekke bryllaupsfeiringa, og at dei har søkt om droneløyve saman med NRK for å få ei best mogleg dekning utifrå forutsetningane dei har fått.
– Vi har søkt om å få filme med drone fordi prinsesse Märtha giftar seg. Ho er ein del av kongefamilien, er i arverekkja og dette er ei kjempenyheitshending som har stor offentleg interesse, seier han.
Ingen dramatikk
Simon Eriksen Valvik er engasjert som presse- og kommunikasjonsansvarleg og har tatt over kommunikasjonsansvaret for brudeparet.
Han seier at det ikkje er nokon dramatikk i dette for dei.
– Vi er ikkje ekspertar på det juridiske knytt til politiet sitt arbeid. Som ei privat arrangørgruppe kan vi berre uttrykke våre behov. Så er det opp til politiet å navigere og avgjere.
I e-post-utvekslinga mellom arrangørane og politiet kjem det fram at dei er overraska over at politiet har gitt droneløyve.
Men Valvik seier at dei no har fått oppklarande svar frå politiet, og at dei dermed ikkje har problem med å forstå at dei har gitt løyve til å filme med drone bryllaupshelga.
– Dialogen med politiet vore god heile vegen, og dei vil alltid bidra til at eventuelle misforståingar skal bli avklart. Det har dei også gjort i denne saka, utan at eg har lyst til å gå inn i sjølve saka. Så det er ikkje nokon dramatikk i dette, seier han.
Publisert 22.08.2024, kl. 17.01 Oppdatert 22.08.2024, kl. 17.25