Vegard (20) kom inn draumestudium i England: Lånekassen seier nei fordi han «kan for lite norsk»

3 months ago 21


Draumen er i ferd med å breste for Vegard Elias Olsen frå Narvik.

Eigentleg skulle han og kjærasten Vilde Hermansen pakke koffertane og flytte saman til England for å studere no. I staden sit dei rådlause i hagen til Olsen.

– Det er ikkje denne situasjonen vi ville vere i, seier Hermansen.

Vilde Hermansen og Vegard Olsen sit i ein sofa med bambusvegg bak. Olsen har raudt hår og stripate t-skjorte. Hermansen har mørkt hår og kvit t-skjorte.

Vilde Hermansen og Vegard Elias Olsen skulle eigentleg studert saman i Brighton dei neste åra. Men eit uventa krav frå lånekassa gjer at dei må førebu seg på langdistanseforhold.

Foto: Frida Brembo / NRK

Til å begynne med såg alt ut til å gå etter planen for det unge paret.

Begge kom inn på studia dei ønskte på same skule i Brighton. Olsen på eit ingeniørstudie i romfart og flyfart. Det studiet finst ikkje i Noreg på Bachelor-nivå.

– Det var ein draum å studere det, og det var ein draum å studere saman, fortel Olsen.

Det sto berre att å søke stønad frå Lånekassa. Men då var svaret nei.

Han har nemleg gått forkurs etter yrkesfagretninga på vidaregåande.

Det dekte krava til universitet, men ikkje krava til Lånekassa. Dei kravde nemleg generell studiekompetanse.

Trudde forkurs var rett val

– Det var veldig vanskeleg å finne denne informasjonen på Lånekassa sine heimesider. Eg trudde eg hadde gjort alt rett med forkurs, seier Olsen.

Paradoksalt nok hadde han ikkje kome inn på studiet om han hadde valt å ta generell studiekompetanse.

Då ville han nemleg hatt for lite matte og fysikk for universitetet i England. Men for Lånekassa har han ikkje nok norsk frå forkurset til å få generell studiekompetanse.

Vilde Hermansen og Vegard Olsen står fremfor ein dør med blomsterkassar utanfor og talet tolv over. Olsen har raudt hår og stripate t-skjorte. Hermansen har mørkt hår og kvit t-skjorte.

Stønaden han skulle fått frå Lånekassa var på om lag 1,3 millionar kronar. Difor har paret konkludert med at det heller ikkje er ei løysing å opprette ein spleis for å betale studiane.

Foto: Frida Brembo / NRK

– Eg synest det er teit. I Noreg skrik vi om at vi treng fleire med yrkesfag. Men når ein gjer det, og vil ta høgare utdanning utan å ta så mykje norsk går det ikkje, seier Hermansen.

Det unge paret frå Narvik har prøvd å klage både til Lånekassen og Utdanningsdirektoratet.

Sistnemnde skreiv som svar at han ikkje er kompetent nok for eit utanlandsstudie.

– Eg synest det er veldig rart når skulen allereie har vurdert at eg er kompetent nok, seier Olsen.

Og det er ikkje Olsen åleine om å meine.

NHO: – Synest det er altfor firkanta

I næringslivet er det nemleg stort behov for utdanninga Vegard ønsker å ta. Det fortel Hans Christian Kaurin Hansson, regiondirektør i NHO Nordland.

– Dette synest vi i NHO er altfor firkanta.

 Hans Christian Kaurin Hansson, regiondirektør i NHO Nordland, står på en stor veranda med grønne vekster. I bakgrunnen synes deler av Bodø. Hansson har brunt hår, kort skjegg, hvit dressjakke og stripete skjorte.

Hans Christian Kaurin Hansson, regiondirektør i NHO Nordland meiner regelverket til Lånekassen er til hinder for næringslivet sine behov.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

– Det å studere i utlandet til å bli ingeniør er ein veldig god kombinasjon. Difor er det veldig trist at draumen ikkje ser opp til å gå i oppfylling for Vegard, seier Hansson.

I Nordland ligg behovet for ingeniørar særleg i romfart og luftfart, ifølge direktøren. Der er det venta stor vekst. Difor meiner dei Lånekassen bør vere meir fleksibel.

Andøya Spaceport bygger Norges første romhavn på Andøya.

Andøya Spaceport bygger den første romhavna i Noreg på Andøya. Mellom anna her ventar næringslivet at ein vil trenge fleire ingeniørar framover.

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

– At universitetet har sagt at han er kvalifisert, bør vere nok til å gi han stønad til dette viktige studiet.

President i ANSA, Øyvind Bryhn Pettersen, er einig med NHO-direktøren.

Han seier at dei ikkje veit kor mange studentar som blir ramma av dette årleg, men at dei er kjende med problemstillinga.

Øyvind Bryhn Pettersen, President, Ansa

Øyvind Bryhn Pettersen, President i ANSA meiner konsekvensane av dette kan vere at færre studentar flyttar til utlandet sjølv om dei har kome inn på studiar.

Foto: ANSA

– Dette er eit kronglete hinder for nordmenn som vil studere i utlandet, sjølv på viktige studieprogram som ikkje finst i Noreg, seier han.

Dette er stikk i strid med målet til regjeringa om at fleire skal ha eit studieopphald i utlandet.

Vil sjå på å endre regelverket

Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, vil ikkje svare på denne enkeltsaka, men gir eit generelt skriftleg svar.

Der skriv ho at regelverket krev at søkaren må ha generell studiekompetanse for at Lånekassen skal gi lån og stipend til universitets- og høgskuleutdanning i land utanfor Norden.

Det finst nokre unntak knytt til alder, varig sjukdom og utøvande, kunstnariske utdanningar, men andre forhold vil ikkje opne for å kunne gi stønad, skriv Bjerke.

Likevel er det ikkje sikkert at det kjem til å halde fram å vere slik i framtida.

ivar prestbakmo

Statssekretær for forsking og høgare utdanning, Ivar Prestbakmo, meiner reglene for studiestønad bør vere enkle og føreseielege. – Verda forandrar seg og utdanning ut utlandet skal vere eit alternativ til dei som er kvalifisert til slik utdanning i Noreg, meiner han.

Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRK

Statssekretær for forsking og høgare utdanning, Ivar Prestbakmo, skriv i ein e-post til NRK at han har full forståing for at det kan bli opplevd urimeleg at reglane ikkje opnar for utdanningsstønad til ein utdanning ein har kome inn på.

Difor vil politikarane no vurdere å gjere om på regelverket.

Det er lenge sidan reglane for generell studiekompetanse for utdanning i utlandet sist blei vurdert, og det er nyleg kome ein ny universitets- og høgskolelov og ein ny opplæringslov som tilseier at det kan vere på tide, skriv Prestbakmo.

Vilde Hermansen og Vegard Olsen sit i ein sofa med bambusvegg bak. Olsen har raudt hår og stripate t-skjorte. Hermansen har mørkt hår og kvit t-skjorte.

Vilde Hermansen og Vegard Olsen

Foto: Frida Brembo / NRK

Likevel vil det ikkje ha mykje å seie for Olsen. Reglane for dette studieåret ligg fast. Eventuelle endringar vil først skje neste år.

– No er alternativet for meg å dra til Gjøvik for å studere fornybar energi, fortel han til NRK.

For kjærasten, Vilde Hermansen, betyr det to år åleine i England.

– Det blir nok tøft for oss, men eg håper han vil trivest der også, seier ho.

Publisert 17.08.2024, kl. 11.47

Read Entire Article