Torsdag ettermiddag ville korkje NHO Luftfart, Parat eller Fellesforbundet kommentere korleis meklinga går.
Ifølge Fellesforbundet sto partane langt frå kvarandre, då dei møttest hos Riksmeklaren dagen før.
Krava frå kabintilsette er høgare lønn og betre arbeidsvilkår.
Ifølge SAS Noreg Kabinforening (SNK), tener kabintilsette i SAS minst blant kabintilsette i landet.
Kabinforeiningane opplyser at ein nytilsett hos SAS tener 27.500 kroner før skatt, og ikkje har nokre tillegg for kveld, natt eller helgearbeid.
Kabintilsette påpeiker òg lange dagar og korte pausar.
Utfordrande mekling
I 19-tida torsdag kveld seier riksmeklar Mats Ruland at meklinga framleis går føre seg for fult.
– Det er nokon timar igjen og eg håpar vi skal klare å løyse dette, men det for framleis alt for tidleg å seie.
Han legger til at spørsmål som omhandlar arbeidstid og økonomi, ofte er meir komplekse innan luftfart enn andre tariffavtalar.
– Det er for tidleg å si kor lenge vi vil halde på, men eg ser ikkje for meg at vi får ein avklaring før fristen går ut ved midnatt.
Då meklinga starta onsdag, sa forbundssekretær i Fellesforbundet Dag-Einar Sivertsen dette til NRK:
– Vi ventar ei krevjande mekling og det er reell fare for streik på grunn av den store avstanden mellom partane.
NHO Luftfart håper dei skal klare å komme fram til ei løysing. Men administrerande direktør Erik Lahnstein vedgjekk overfor NTB at det ikkje blir lett.
– Det kjem til å bli utfordrande forhandlingar. At SAS er under konkursvern og i økonomisk rekonstruksjon, gjer at vi går inn i meklinga med eit krevjande bakteppe.
Overfor NRK ville han ikkje kommentere meklinga, eller kva for konsekvensar det vil få viss det blir streik i morgon:
– Vi har ikkje noko ønske om å kommentere. No er vi i mekling og har hundre prosent fokus på det som føregår hos Riksmeklaren, seier Lahnstein til NRK.
Fly kan bli sette på bakken
Dersom dei ikkje skulle bli einige innan meklingsfristen ved midnatt, blir 115 av dei 640 medlemmane i kabinforeininga tekne ut i streik.
Fellesforbundet meiner ei eventuell streik straks vil få konsekvensar for store delar av rutenettet til SAS.
Då vil fleire fly bli sette på bakken, som kan få ringverknader på andre ruter.
Det er fleire einige i.
– Ein streik vil merkast på heile vårt rutenett ganske umiddelbart, sa leiar i SAS Noreg Kabinforening, Martinus Røkke.
Skulle det etter kvart bli ei opptrapping av streiken, vil passasjerane merke dette i enda større grad.
Forstår at kabinpersonalet har høge krav
Kommentator i Dagens Næringsliv, Anita Hoemsnes, har lita tru på at partane blir einige i kveld. Ho peikar mellom anna på den økonomiske situasjonen til SAS.
– SAS står under konkursbeskytting og har lova store kostnadskutt til nye investorar. Så dei har nok ikkje lyst til å gi eit ekstraordinært godt lønnsoppgjer til delar av dei tilsette.
Samstundes forstår ho at kabinpersonalet har høge krav. Ho viser til lønnsoppgjeret til kabintilsette i Norwegian i vår.
– Dei fekk 7 prosent tillegg i år og 4,5 prosent neste år. Det er nok det SAS-personalet ynsker å oppnå.
Om ein eventuell streik skulle bli langvarig, vil det ha store konsekvensar for flyselskapet, legg ho til.
Det er fleire årsaker til at lønna til kabintilsette er låg, ifølge Hoemsnes.
Det er eit krav at ein må ha fire til seks veker med opplæring for å jobbe som kabinpersonell. I yrkjer som ikkje krev stor forkunnskap, vil lønna naudsynt spegla det, seier ho.
Hoemsnes trur likevel at lønna blir mest påverka av at det er ein internasjonal bransje.
– SAS konkurrerer med flyselskap som er frå land med langt lågare lønnsnivå enn det norske. Dermed er det på ein måte ikkje rom for dei høge lønningane i denne bransjen.
Kva har du rett på?
Dersom flyet du skal reise med er forseinka eller innstilt, kan du ha rett til erstatning.
Det kan vere snakk om pengar til mat og andre utgifter, ny avgang med eit anna fly eller overnatting om det skulle bli behov for det.
Men kravet om pengar forsvinn dersom innstillinga eller forseinkinga skuldast ting som ligg utanfor flyselskapets kontroll.
Det kan til for eksempel vere uventa tryggingstiltak, verforhold eller streik, også når det er tilsette i flyselskapet som streikar.
Publisert 22.08.2024, kl. 22.32