Unge kristne i Vestland fortel: Ventar med samliv og sex til ekteskapet

1 month ago 31


Kyrkjeklokkene i Hamre kyrkje har akkurat slutta å slå.

Duskregnet fyller den svale vestlandslufta og dropane legg seg forsiktig på den blanke paraplyen.

Under står Tina Helle (24) spent i den kvite kjolen sin.

– Kan eg gå inn?

Ho får eit klarsignal, slår saman paraplyen og lister seg inn til faren, forlovarane og brurepikene.

Innanfor neste dør sit Johannes Skoge (24) forventningsfull ved alteret og ser utover ei fullsett kyrkje.

Tina og Johannes har teke nokre val som skil dei frå mange nordmenn.

Det vanlegaste er å debutere seksuelt i ung alder og vente med å gifte seg i midten av 30-åra.

Eit bildepar. Til venstre er det eit nærbilete av Johannes som ser ut vindauget. Sola treff augene, medan deter skugge i resten av biletet. Til høgre ser du den nedre delen av brudekjolen til Tina som også vert truffe av sola.

– Frå og med bryllaupet vil vi bu saman, stå opp saman og legge oss saman, seier Johannes.

Det har dei aldri prøvd før.

Dei vel å gifte seg unge og ventar med sex til ekteskapet.

Men dreier det seg berre om sex?

Går mot trenden

For mange er det Tina og Johannes gjer eksotisk.

Dei fleste nordmenn har sex for første gong 17-18-årsalderen.

Samtidig har vi aldri vore eldre når vi giftar oss enn no.

I gjennomsnitt er kvinner 35 og menn 37 år når dei gifter seg for første gang. I tillegg er det færre og færre som i det heile tatt gifter seg.

Men i nokre miljø er det framleis sterk tradisjon for å gifte seg. Men innanfor desse er det også forskjellige syn og haldningar.

Dei tre unge para Tina og Johannes, Simon og Andrea og Johanne og Kristian er alle kristne, men frå forskjellige kristne miljø.

Dei skal alle gifte seg, men har ulike tankar rundt ekteskap, sex og samliv.

Tina står i brudekjolen med forldahender, framfor vindauget i kyrkja og ser ut med ryggen til kamera. Det er lys på ho, men resten av biletet har ein mørk lyssetting.

Mange år med flørting

For Tina og Johannes er ekteskapet meir enn ei feiring og ei underskrift på nokre papir.

Det er ein pakt med Gud.

Bibelen brukar eit bilete om ein tretvinna tråd der det er oss to og Gud i ekteskapet og at den tråden er slitesterk, seier Johannes.

På golvet mellom kyrkjebenkane ligg ein bibel og ei veske slengt ved sida av skoa til ein av gjestane.

Det vert stille inne i kyrkja i nokre sekund før organisten startar å spele.

Alle ser på døra som opnar seg og inn kjem Tina stolt, med blikket festa på den framtidige ektemannen.

Det er fullt band og det rungar i kyrkjeradene når dei speler salmar med ein moderne vri.

Mange kan songane utanåt.

Både Tina og Johannes er aktive kristne og har vakse opp på kvart sitt bedehus.

Som mange andre frå bedehuskulturen, går Tina og Johannes i Salem Misjonskyrkje i Bergen. Dei praktiserer ein konservativ teologi.

Paret ynskjer å bruke bibelen som rettesnor for vala sine.

Difor har dei latt vere å bu saman. Dei trur mellom anna at sex høyrer til innanfor ekteskapet.

Biletet viser ein gut som sit i benkeraden, framme på alteret står presten og talar.

Prest Bård Norheim preikar til paret.

- Når de gifter dykk, vert kroppen utlevert til ein annan. De vert eitt.

Tina smiler til Johannes når presten fortel om det unge paret som flørta på kristenleir.

Der møttest dei første gong, i ein barneskulealder. Men Tina fortel at det tok mange år før dei vart saman.

Vi har kanskje hatt eit godt auge for kvarandre, og så har det kanskje ikkje klaffa heilt, og så plutseleg klaffa det.

Tina står og heldt slepet sitt, framfor eit kvitt hus. I bakgrunnen er den svarte kyrkja og rundt er grøne trer og plen. Eit lyst og lett bilete.

Men å verte kjærastar vart ikkje heilt som ho hadde trudd.

– Eg hadde ikkje akkurat kjensla av å vere på ei rosa sky, men eg visste at Johannes var dritbra og at eg hadde det kjekt med han.

Det tok ikkje lang tid før kjenslene vart sterke.

Når lysten melder seg

Då dei vart saman, tok land tid før dei prata om kva dei tenkte om sex.

Det tok kanskje 20 minutt frå vi vart saman. Ikkje det at det var noko fare då, men vi tok det opp tidleg, seier Johannes.

Dei var begge einige om at dei ikkje skulle ha sex før dei eventuelt vart gift.

Johannes står i dressen på ein grøn plen med ryggen mot kamera. Bak han er fjord og fjell.

Tina fortel at det er viktig for dei å halde samtalen varm.

Når lysten melder seg, så veit ein kva ein vil og kva den andre vil. Ein har jo ikkje lyst å trå over den andre sine grenser, seier ho.

Etter kvart vart tanken om ekteskap meir og meir aktuell.

– Vegen var ganske lang frå vi vart saman til vi vart forlova og tenkte at dette går vi for. Men det var jo alltid ein tanke. At dette her har et stort potensial, seier Johannes.

No kjenner dei seg begge veldig klare.

Johannes, brudgommen, si hans som held rundt Tina si midje.

- Gifter de dykk for å ha sex?

- Nei, svarar dei begge.

– Det er jo ein del av pakken, men det er ikkje difor me gifter oss, seier Johannes.

– Det er på grunn av forpliktelse og å skape ein heim saman.

Uklart bilete av Tina, brura, som ser på Johannes som står framfor ho.

- Vi veit at det her vil vi stå i livet ut, det skal vi jobbe for og kjempe for saman.

Tina smiler.

- Den tryggleiken og sikkerheita er det som ligg til grunn for at vi giftar oss.

Tryggleiken er også viktig når det kjem til samleie.

– Det er så høg grad av forpliktelse og så deilig å vete at det er vi to som skal dele det, seier Johannes.

Han legg ikkje sjul på at han gler seg.

Johannes ser ned på Tina og smiler. Sløret til Tina ligg delvis framfor kameralinsa og vert som eit slør som dekkjer halve biletet. Ein ser litt av bakhovudet til Tina.

- Vi veit at det her vil vi stå i livet ut, det skal vi jobbe for og kjempe for saman, legg Tina til.

- Den tryggleiken og sikkerheita er det som ligg til grunn for at vi giftar oss.

Eit nærbilete av Tina og Johannes som kyssar.

- Kva om sexen er dårleg?

– Det er vel kanskje det enklaste å jobbe med å gjere bra.

Tina ler litt.

– Øving gjer jo meister.

- Og vi skal øve lenge, skyt Johannes inn.

Litt annleis datingkultur

I fleire kristne miljø er det vanleg at unge par vert forlova og giftar seg.

Dette trur Tina kan ha med at ein har felles bakgrunn, tankar og verdiar, og at nokre store ting difor er ferdigtenkt.

Det er jo eit godt fundament for begge som gjer at det er lettare å bygge vidare på det.

Så då går det fortare før ein gifter seg?

Det trur eg, seier Johannes.

Tina står i brudekjolen inne i kyrkja. Det er mørkt rundt og og ho vert lyst opp av sola som kjem frå vindauget på høgre side. Ho ser mildt inn i kameraet.

Han seier at mange av spørsmåla som kristendommen har svar på, er djupe, eksistensielle spørsmål.

Vi har kanskje reflektert rundt det og det gjer kanskje at vi kjem litt djupare inn på ting litt tidlegare, seier han.

Tina skyt inn at det sikkert vil variere og at ikkje-kristne også kan ha det på same måte.

Likevel kan det vere ein litt anna datingkultur i dei kristne miljøa.

Mitt inntrykk er at få kristne tenkjer at dei berre vil ha eit kortsiktig forhold eller ein sommarflørt, seier ho.

Eit bllomsterbed med mange grøne blad. I midten av biletet er ein stor kvit blome og ei hand kjem inn frå venstre og heldt i i blomen.

16 år og gifteklar

Med utsikt over eit vakkert fjordlandskap på Ostereide i Nordhordland står den sjarmerande hytta til Andrea Storsæther (20) sin familie.

Utanfor er det planta mange forskjellige blomar.

Nokre av dei er planta til brudebuketten til Andrea.

Om ti dagar giftar ho seg med Simon Evensen (20).

Dei møttest på den kristne internatskulen Framnes, då Andrea starta i første klasse og Simon gjekk i andre. Dei vart fort interessert i kvarandre.

På Framnes er det litt sånn at har du hengt med kvarandre eit par gongar må du finne ut kva de er, seier Andrea litt ironisk.

Eit stort landskapsbilete med grøne åsar, fjell og fjort. I forgrunnen av dette står Simon og Andrea, uforkusert og ser på kvarandre.

Det tok ikkje lang tid før dei var «ei greie».

Og frå start visste Simon kva han ville.

– Eg var klar til å gifte meg.

Han har glimt i auget og ler, men forklarar at han har vakse opp med den haldninga.

På ein brun vegg heng eit bilete med bibelverset "Ditt ord er en lykt for min fot og et lys for min sti."

Eg kjem frå ein kristen bakgrunn der du ikkje vert saman med nokon du ikkje kan sjå føre deg å gifte deg med.

Andrea smiler litt lurt medan hos ser på Simon og seier at ho trong nok litt meir tid til å bli gifteklar.

Dei kjem begge frå frikyrkjelege, karismatiske miljø. Her er det fokus på å erfare Den Heilage Ande.

Her praktiserer dei til dømes tungetale og profetiske nådegåver.

Andrea sit på ein stol på rommet sitt og ser ut vindauget. Tapeten bak ho er blå med mønster med dansarar. Andrea har langt lyst hår og går med ei kvit t-skjorte og ei blå dongeribukse.

Allereie då dei var 19 år kom spørsmålet frå familien: Hadde dei vurdert å gifte seg?

Andrea forklarar at det ikkje har vert ein ukjend tanke.

Eg trur det har litt å seie at ein veks opp i det kristne fellesskapet og ser at folk ikkje ligg rundt, dei gifter seg.

Eit anna fokus

Mange unge kristne vel å bruke tida etter vidaregåande på bibelsule eller folkehøgskule. Andrea og Simon har begge brukt året på å gå på Disippeltreningskule på Hawaii.

Han meiner det er det mest geniale ein kan gjere før ekteskapet og fortel at det har fått begge til å få eit nytt fokus på Gud.

Dei vil rette blikket oppover, mot Gud og ikkje berre på kvarandre.

Eit bildepar. Biletet til venstre viser Simon og Andrea som legg hovuda inntil kvarandre. Biletet til høgre er eit bilete av dei som held hender. Begge bileta er litt uklare.

Ikkje vits å gifte seg for sex

Det Andrea likar best med Simon er at han har Gud på førsteplass. Ho set også pris på at han ynskjer å jobbe for forholdet.

– Eg vil jo gjerne at han skal vere leiaren i forholdet og verte leia av Gud, og at eg kan lene meg mot min mann mot det. Mot framtida.

Reint praktisk fortel ho at når det kjem til å ta vanskelege val i liva deira, vil ho stole på at Simon vert leia av Gud til å ta valet som er best for både han og ho.

Viss du er av verda, så vert du forelska i dei menneskelege tinga, men eg ser liksom forbi det, seier Simon.

Simon ligg på senga og ser ut vindauget.

Han fortel om at Andrea leia eit kristent møte ein gang på vidaregåande.

– Då vart eg stormforelska.

Andrea forklarar at dei ikkje bur i lag fordi dei ikkje ynskjer å ha samleie før dei er gift. Simon er einig.

Vi har ikkje lyst at vårt forhold skal baserast på det seksuelle, eller det fysiske.

Det kan vere lett for mange å tenkje at det er sex som er grunnen til at dei gifter seg, men det er Simon tydelege på at det ikkje er.

Om du giftar deg for å ha sex, kvifor giftar du deg då? Då giftar du deg på feil prinsipp uansett, så då er det ikkje vits.

Eit billedpar der venstre bilete viser Andrea som les i bibelen og høgre bilete viser Simon og andre som står framfor vindauget og heldt rundt kvarandre.

«Kvifor giftar de dykk så unge?»

Men å vere 20 år og forlova er ikkje heilt vanleg.

I kristne kretsar er det nok mest folk som er glade på våre vegne. Men nokon tenkjer kanskje at det er litt tidleg også, seier Andrea.

Utanfor miljøet er reaksjonane fleire.

Dei har fått fleire spørsmål.

– Kvifor giftar de dykk så unge?

– Har de pengar til det?

Simon meiner det ikkje handlar om det.

– Det er større enn litt party.

Forlovingsring til 10 kroner

Eg synast det var litt dumt å flytte saman før eg hadde ring på fingeren, og han synast nok det vart litt tidleg, men likevel var det veldig riktig, seier Johanne Maria Foldøy Hageberg (25).

I ei leilegheit i Sandviken i Bergen ligg ho i armane til sambuaren Kristian Storevik (32). Dei har andre tankar rundt kva ekteskapet betyr.

Ho smiler og ser på ringen sin.

Johanne og Kristian sit i sofaen sin i leiligheita si. Sofaen er stor og lys grå og veggane er beige. Johanne sit i armkroken til Kristian og dei ser på handa til Johanne som har ring på seg.

– Den er så fake som det går an, seier Johanne og ler.

For tre veker fridde Kristian litt spontant til Johanne etter dei hadde hatt ein samtale som fekk han til å skjønne at han måtte fri.

– Eg hadde ikkje ring då er fridde, så den fann vi på ein NMS-gjenbruksbutikk til 10 kroner, seier han og ler.

Johanne og Kristian møttest i kyrkja St. Jakob. Denne er tilknytt Den Norske Kyrkja og organisasjonen KFUK-KFUM. Her er dei begge aktive.

På kjøleskapsdøra til Johanne og kristian heng eit polaoridbilete, det er ein selfie av dei to. Under står det Alværa 24.

Nesten ufrivillig gift

– Vi har ikkje fått negative reaksjonar på å flytte saman frå folka i kyrkja, heller positive, fortel Johanne.

– Dei tenkjer vel at så lenge vi har det bra, så er det bra.

Men likevel har det ikkje berre vore lett.

Begge har hatt ulike førestillingar om korleis det skulle verte, men det forsvinn litt fordi vi har det så fint saman.

Kristian fortel at dei har lært mykje av ulikskapane undervegs.

Regnet plaskar ned i gatene utanfor.

Johanne ser ut og feller nokre tårer.

Johanne viser fram eit bilete av besteforeldra som sit uanfor huset sitt og eit bilete under der dei er i båt.

Ho fortel om besteforeldra som ho hadde så nær som no har gått bort.

Johanne hugsar godt dagen ho skulle fortelje om at ho skulle verte sambuarar.

– Eg reiste til dei og vi åt ein god frukost, og så sa eg det. Då kom det ein kald stille i heile rommet.

For Johanne var det ikkje berre lett.

Eg skulle ynskje at dei kunne akseptere det, men likevel var det heile tida dumt og slik var det heilt til dei døydde.

Likevel hadde dei ein god relasjon og besteforeldra var svært begeistra for forholdet.

Farfar prøvde å vie oss ein gang, seier Johanne og ler.

Ein gong dei sat i bilen med besteforeldra byrja farfaren, som var prest, å stille nokre spørsmål.

Det var i ein serie av spørsmål, seier Kristian og fortel at han spurte om dei var glade i kvarandre og om dei hadde det bra saman.

Johanne sit i vindaugskarmen og ser i kameraet. Ho lener hovudet på armen. Det er eit lyst bilete med stort vindauge som gir mykje lys og ho har på seg kvit gensar.

Så begynte han; så då spør eg deg Kristian, tar du ...

Men Johanne fortel at farmora raskt avbraut.

Forskjellige kristne miljø

Vi har gjort ting på ein annan måte enn fleire i familien min synast er riktig, seier Johanne.

Ho har opplevd å få stikk og kommentarar frå folk som meiner det ikkje er greitt at dei bur i lag før dei er gift.

Johanne har vakse opp i Misjonskirken i Skien og har tilhøyrt eit karismatisk, konservativt miljø. Her er det kultur for å gifte seg før ein flyttar saman.

Kristian kjem frå Stryn og har vakse opp i Den Norske Kyrkja, i hans familie har folk løyst samlivet på ulike måtar. Han har hatt eit anna forhold til ekteskap.

Religionsaspektet har ikkje vore noko høgt omsnakka i min familie. Det er ikkje noko eg er vand med.

Eit portrett av Kristian som ser i kameraet. Bakgrunnen er lys. han står med vindaugslys mot seg i blå t-skjorte med ei rutete skjorte på.

For han var det meir logisk å flytte saman og så gifte seg, han ser på det som ein stigande grad av forplikting.

Og når det kjem til sex før ekteskapet har han det aldri vore eit problem for han.

Johanne vaks opp med å tenkje at det var gale, men trur det var litt på grunn av miljøet ho var ein del av. No har ho ei anna haldning.

Menneske først, så Gud

Eg trur veldig på det med mennesket først. Eg trur det er viktig å vere god mot dei rundt ein og seg sjølv så lenge det kjennast bra, seier ho.

Sjølv om Johanne no er ein del av eit meir liberalt miljø, trur ho framleis at ekteskapet er heilag.

Johanne og Kristian ligg i senga på soverommet sitt. Kristian kyssar Johanne Maria på panna medan ho lukkar augene.

Eg synast det er viktig, ikkje nødvendigvis fordi det står i bibelen. Eg trur ikkje sambuarskap ei synd, men eg ser verdien av ekteskapet, seier ho.

For ho har planen alltid vore å gifte seg.

Eg synast den forplikte seg-biten er fantastisk, og så er det sjeldan i samfunnet i dag.

Kristian synast det var skumlare å verte saman enn å forlove seg.

Eg ville jo ikkje bli saman med deg og sjå korleis det gjekk.

Han ser på Johanne og smiler.

Johanne og Kristian med tinningane inntil kvarandre, slik at auga ligg tett til kvarandre. Johanne har lukka augene, medan Kristian ser ut i lufta.

Vi skal seie ja framfor folk vi er glad i og framfor Gud, men det er jo mest til deg.

Johanne responderer raskt.

Sånn det bør vere, og det er kanskje det vi skil oss frå andre kristne par. Det er mennesket og vi som par som kjem først, og så er vi kristne og vi har dei verdiane.

Dei trur begge at dei først og fremst forpliktar seg til kvarandre.

– Så heng det noko over det som gjer det heilag. Det er noko større, det trur vi begge to, seier Johanne.

Johanne og Kristian står framfor eit vindauge og heldt rundt kvarandre. Kristian ser ut, medan Johanne ser opp på Kristian.

Ulikskapar i Kristen-Noreg

Dei tre para er frå ulike kristne miljø i Noreg, men skil seg frå majoriteten i befolkninga. Tore Witsø Rafoss forskar på kristne miljø.

Han fortel at dei konservative, kristne miljøa står sterkast langs kysten på Vestlandet og på Sørlandet.

Rafoss fortel at det også er forskjellar i haldningar og verdiar innanfor Kristen-Noreg.

De fleste no, også mange i Kristen-Noreg, vil ikkje tenkje seg om eit sekund om det var rart å vere sambuar før ekteskap.

Mange tenkjer kanskje at det er logisk å først flytte saman, så få barn og så gifte seg.

– Det gjer det interessant at ein har unge menneske i dag som er oppteken av å ikkje ha sex før ekteskapet, og ikkje verte sambuarar, men gifte seg.

Han forklarar at desse gjerne er ein del av eit miljø der dei rundt ein tenkjer likt som ein, og at ein difor både har vener og finn ein partnar med dei same verdiane.

Og det er ikkje berre aktive kristne som held på desse tradisjonane. Rafoss fortel at desse haldningane og verdiane kan likne i fleire religiøse miljø.

Eit billedpar. Til venstre ser du eit nærbilete av ryggen til Tina. Ho har mange kvite knappar i midten av kjolen. Til høgre ser ein eit nærbilete av Johannes sine fingrar. Han fiklar litt med fingrane.

Tilbake i Hamre kyrkje går presten mot slutten av talen.

Spenninga i rommet stig.

– Kom no fram til Herrens altar, så vi kan høyra løfta dykkar til kvarandre og be om Guds velsigning over dykk og over heimen dykkar, seier presten.

Tina og Johannes gir kvarandre eit tydeleg ja.

Så snur dei seg stolte til forsamlinga med ei stor glede hengjande over seg.

Dei er blitt eitt.

Kysset.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

Publisert 26.08.2024, kl. 21.17

Read Entire Article